Administrasjonsleiar
STORD VIDAREGÅANDE SKULE, Vestland fylkeskommune
Om stillinga
Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag, Sal, service og reiseliv, samt Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Vaksenopplæringa i Sunnhordland er knytt til skulen og me har kursverksemd i forskjellige fag.
Stord vidaregåande skule skal i løpet av nokre år ta i bruk nye og moderne skulebygningar. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.
Skulen har ledig stilling som Administrasjonsleiar i 100% frå oktober eller etter avtale. Stillinga har breidt innhald, og me søkjer deg som har utdanning og erfaring innan økonomi, administrasjon og HR. Stillinga har per i dag ansvar for 6 personar i stab.
Administrasjonsleiar inngår i skulen sitt leiarteam og rapporterar til rektor.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 10.08.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Stord
Stillingstittel: Administrasjonsleiar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4685643419
Startdato: 02.10.2023
Arbeidsoppgåver
Ansvar for å leie og utvikle administrativ avdeling
Økonomistyring og budsjettering
HR-arbeid og personaloppfylgjing
Innkjøp
Personalansvar for stab
Leiarstøtte, tilretteleggjar og kontrollarbeid for leiarar
Kvalifikasjonar
Høgare administrativ/økonomisk utdanning på min. bachelornivå.
Det er ynskjeleg med:
Leiarerfaring og leiarutdanning
God IT-kunnskap
God økonomisk forståing
Alle nytilsette i Vestland fylkeskommune blir tilsett med ei prøvetid på 6 månader. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Tydeleg leiar med vilje og evne til å uvikla og leia administrasjonen ved skulen
Strukturert og ansvarsbevisst
Løysingsorientert
Lagspelar – likar å gjera andre gode
God på kommunikasjon, både munnleg og skriftleg
Me tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
Vera del av leiarteamet
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode pensjons- og låneordningar i Storebrand
Adresse:Saghaugen 3, 5411 Stord, Norge
Kontaktinformasjon
Tove Volden Nygård, leiar administrasjon
Telefon: 416 92 060
Ellen Strandenes, rektor
Telefon: 926 24 455
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.