Vindafjord kommune

Vindafjord kommune – Vil du vera med å utvikle demensomsorga?

Avdelingsleiar Demensomsorga

 

Me søker:

Deg som er genuint interessert i demensomsorga og som vil vera med å utvikle tenesta!

Du som vil bli avdelingsleiar, 100% fast på Vindafjordtunet og avdeling Sør frå og med 01.05.24!

Om arbeidsplassen:

  • Vindafjordtunet ligg i Nedre Vats og gir tenester til personar med demens og somatisk langtidsbebuarar. Demensomsorga er delt i 2 avdelingar; Sør og Nord som igjen er delt opp i grupper.
  • Somatisk langtid har 14 sengeplasser og demensomsorga 34 totalt. Vindafjordtunet har og ansvarfor natt og natt patruljen som ligg under avdeling Nord.
  • Me har eige kjøkken som lagar mat til våre bebuarar samt ein tilsynslege i 50%.
  • På Vindafjordtunet ligg det og 25 omsorgsbustader som er drifta av heimetenesta.

Om stillinga:

  • Som Avdelingsleiar på Vindafjordtunet og avdeling Sør vil du få ein utfordrande og spanande arbeidskvardag i lag med kjekke, kompetente kollegaer! Du er og med i leiargruppa beståande av to andre avdelingsleierar og einingsleiar.
  • Avdeling Sør har ca 16 årsverk som du har ansvaret for- i tillegg har du fagansvaret for 16 bebuarar og faget knytt til desse.
  • Personal og fagansvar står litt meir om lenger nede i utlysinga:)
  • Du er med å arbeidar på tvers for ein god heilhet i drifta knytt til fag og ressursar. Som avdelingsleiar ved Vindafjordtunet vil du yte å finne det «lille ekstra» for bebuarane og tilsette.
  • Vindafjordtunet arbeidar med Tørn i form av oppgåvedeling samt bruken av kompetanse og ressursar og framheld dette arbeidet. Du kan lese meir om Tørn her.
  • Ein arbeidar ope og er opptatt av å skape motivasjon og gode arbeidsdagar for alle våre tilsette. Me ser og internt i leiargruppa korleis me kan arbeide på andre måtar som ei forbetring.
  • Me har to merkantile som høyrer til “sine” avdelingar ifh til vikarinntak mm.

Har DU lyst å vera med på innovativ og utviklande arbeid for bebuarane våre og dei tilsette?
Då må du søke!

Du kan og nytte Facebook til å bli litt betre kjent med oss.

Ta gjerne kontakt om duvil ha ein drøs 🙂

Hovudarbeidsoppgåver:

– Personalansvar- blant anna:

– Sjukefråværsoppfølging

– Arbeidstider

– Medarbeidarsamtalar

– Arbeidsmiljø

– Ferieavikling

– Fagansvar i din avdeling- blant anna:

– Oppfølging av dokumentasjon

– Sjå til at planar vert fulgt

– Kjennskap til bebuarane, tiltak, oppfølging mm

– Iverksette prosessar for å betre teneste, miljø osv.

– Utvikle demensomsorga

Kvalifikasjonar:

– Offentleg godkjent sjukepleiar/vernepleiar

– Ønskjeleg med leiarerfaring

– Ønskeleg med turnuskjennskap

– God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal.

– Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

Personlege eigenskapar:

– Du brenn for demensomsorga og tenestene!

– Har interesse for faget og held deg oppdatert

– Bidrar til godt arbeidsmiljø gjennom din kjennskap til tilsette og tenestebehov

– Du søker heile tida etter forbetringar for både bebuarar og tilsette

– Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta

– Du arbeidar godt i team og er ein som er med på å spela teamet og avdelinga god.

– Du trives med til tider hektiske arbeidsdagar og er fleksibel i arbeidsoppgåvene

– Du innvolverar, delegerar, engasjerar og deler kunnskap gjennom di leiing

– Du er løysingsorientert

– Du evnar å vera analytisk men og innovativ

– Du ønsker å utvikle deg sjølv og din avdeling

– Du fører prosjekt og prosess i din avdeling men og i drifta i heilhet i samarbeid i teamet

– Personlege eigenskaper vert vektlagt

Me kan tilby:

  • Utviklingsmuligheiter/Kompetanseheving
  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

Søk på stillinga her.

Referansenummer: 24/1148

Fylke: Rogaland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 19.03.2024

 

Tiltreding: 01.05.2024

Arbeidsstad: Vindafjordtunet

 

Kontaktpersonar:

Annelin Bauge

tlf: +47 5365904  mob: +47 97657778

 

Heimeside:
www.vindafjord.kommune.no/helse-og-velferd/pleie-og-omsorg/omsorgssenter/vindafjordtunet/
Adresse: Kårhusvegen 5 5578 Nedre Vats

Vindafjord kommune

Vindafjordtunet ligg i Nedre Vats og er delt inn i Demensomsorga og Somatisk langtid. Demensomsorga har 34 plasser for personar med demens inkludert rulleringsopphald. Somatisk langtid har 14 plasser. Heimetenesta som gir tenester i Skjold, Vats og Vikebygd (ytre sone) har base ved Vindafjordtunet. Dagsenter for heimebuande eldre og personar med demens er og på Vindafjordtunet 4 dagar i veka.

Begge avdelingane har kvar sin avdelingssjukepleiar samt teamsjukepleiarar. Me har fleksibel turnus.

 

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Annelin Bauge
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 5365904  mob: +47 97657778

Lokasjon

  • Nedre Vats

Søknadsfrist

April 2, 2024