Ledig 100% fast stilling som lærar på elektro og datateknologi/automasjon
Årdal vidaregåande skule har 40 tilsette og om lag 160 elevar. Skulen har totalt 10 klassar med tilbod innan studiespesialisering, industriteknologi, kjemiprosess- og laboratoriefaget, elektro og datateknologi og automatisering. Skulen er lokalisert i Øvre Årdal. Årdal vidaregåande skule har tett samarbeid med næringslivet for å skape gode opplæringsarenaer for elevane og ein trygg overgang til arbeidslivet.
Ved skulen er føljande stilling ledig frå 01.08.2023
100% fast stilling som lærar på elektro og datateknologi/automasjon
- Søknadsfrist: 22.03.2023
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel: Ledig 100% fast stilling som lærar på elektro og datateknologi/automasjon
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4619682259
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av undervisning
- Vurderingsarbeid
- Vere ein bidragsyter i tverrfagleg samarbeid, klasseteam og ut mot samarbeidsbedrifter
Stillinga vil hovudsakleg vere retta mot undervisning på:
- VG1 – elektro og datateknologi
- VG2 – automatisering
- VG3 – automatiseringsfaget
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person med relevant utdanning og erfaring innan elektro og automasjon. Med relevant utdanning meiner vi fagskule, ingeniørhøgskule, yrkesfaglærarutdanning eller relevant praksis.
Det er ønskeleg med praktisk pedagogisk utdanning, men vi oppfordrar alle med relevant fagkompetanse til å søkje.
Personlege eigenskapar
- som har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- som er engasjert og positiv – med ønskje om å formidle kunnskap og bidra til eit godt læringsmiljø
- som har eit positivt elevsyn
- som er utviklingsorientert og kvalitetsbevisst både fagleg og personleg
- som er tilpasningsdyktig
Vi tilbyr
- Positivt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
- Opplæring på utstyr for undervisning i Årdal Teknologipark sine lokaler
- Ein skule som nyttar arbeidslivet i opplæringa
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Geir Kjetil Øvstetun
rektor
90694334
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.