100% stilling som sakshandsamar mindre avløpsanlegg
Om stillingen
Avd. VA har ansvar for kommunalt vatn, avløp og overvatn i Ullensvang kommune. Avdelinga har ansvar for drift og vedlikehald på 120 VA-anlegg med tilhøyrande leidningsnett. Avdelinga har i dag 12 stillingar, der 4 stillingar er innan administrasjon, 7 stillingar innan VA- drift + lærling og 1 stilling på “mindre avløpsanlegg”.
Vi inngår i team med resten av tekniske tenester på Teknikk og Miljø, som i tillegg til VA omfattar Veg, park og hamn, Prosjekt og utvikling, Renovasjon, Reinhald, Byggdrift, Eigedomsforvaltning og Brann/ Redning.
Avd. VA har ledig ein spennande og utfordrande stilling som sakshandsamar i eit veldig godt arbeidsmiljø.
Rolla til kommunen:
Kommunen er lokal forureiningsstyresmakt etter kapittel 12 i forureiningsforskrifta om mindre avløpsanlegg, og skal føra tilsyn med at avgjerder og vedtak i dette kapittelet blir fulgt. Ansvaret for oppgåvene til kommunen innan avløp i spreidd busetnad ligg hos Teknikk og miljø, verksemd for vatn og avløp.
Alle eigedommar i spreidd busetnad med innlagt vatn skal ha godkjent utsleppsløyve i medhald av forureiningsforskrifta kapittel 12 og lokal forskrift om utslepp frå mindre avløpsanlegg:
https://ullensvang.kommune.no/?article=forskrift-om-utslepp-fra-mindre-avlaupsanlegg.
Arbeidsoppgåver:
Utarbeida og vedlikehalde plan for ”Tilsyn på mindre avløpsanlegg” i Ullensvang kommune, og fylgja opp denne med praktiske oppgåver og rapportering årleg.
Sakshandsaming av søknader om utsleppsløyve.
Utføra tilsyn med mindre avløpsanlegg, m.a.:
- besøk på anlegg med prøvetaking og analyse av vassprøvar og kontroll av utsleppspunkt
- rapportering til nasjonale styresmakter (kostra)
- kartlegging av eigedommar utan godkjent avløpsanlegg
- oppfølging av eigedommar utan godkjent avløpsanlegg
- kontroll av avløpsanlegget ved tømming
- oppfølging av servicerapportar
- analyse av vassprøvar frå lokale vasskjelder og vassdrag
- rapportering til nasjonale styresmakter (overvakingsprogram vassførekomstar)
- oppfølging av anlegg som ikkje fungerer slik dei skal
- innspel til kommunale eller private oppryddingsplanar med felles- eller enkeltanlegg
- Delta i kommunens HMS arbeid som en del av dei daglege rutinene
- Andre oppgåver kan tildelast ved behov
Ynskte kvalifikasjonar:
Vi søker etter ein strukturert, fleksibel og løsningsorientert person som skal vera ein pådrivar i utviklinga av avd. VA. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som evne til samarbeid, heilskapleg forståing, lojalitet og kreativitet.
Vi set pris på om du har godt humør og god humor.
Formelle krav:
Relevant 3-årig høgare utdanning, helst innan kommunaltekniske fag.
Førerkort klasse B
Ideelle krav:
- Må ha eller kunne tileigna seg kunnskap om forureining, gjerne med kjennskap til mindre avløpsanlegg.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Kontrollarbeid set krav til personlege eigenskaper. Du må kunna kommunisera med innbyggjarane på ein god måte, samtidig som du må kunna fatta avgjerder.
- Må ha eller kunne tileigna seg kompetanse til å vurdera søknader. Setta seg inn i offentleg forvaltning og lovverk.
- Må ha eller kunne tilegne seg kompetanse til å kunna vurdera valde reinseløysingar og utslepp.
Sektoren Teknikk og Miljø og avdelinga VA kan tilby:
- Godt arbeidsmiljø.
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Dyktige kollegaer.
- Konkurransedyktige vilkår.
Me tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver
- Spennande arbeid
- Lønn etter hovudtariffavtalen
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
- Fylke: Vestland
- Jobbtype: Fast
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Arbeidstid: Dag
- Søknadsfrist: 04.06.2023
- Arbeidsstad: Ullensvang kommune
Kontaktpersonar:
Mette Einang Vintertun
mob: +47 913 17 563
Heimeside:
Adresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda
Ullensvang kommune Vatn og avløp
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49