3 stillingar à 100% som lærar ved Kinsarvik skule
Ledig stilling ved Kinsarvik skule, frå 01. august 2023
Kinsarvik skule har ledig fast 200% lærarstilling og 100 % vikariat som lærar skuleåret 2023/2024
Kinsarvik skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har rundt 180 elevar, og 38 tilsette i alle aldrar. Me ligg fint til i sentrum av bygda Kinsarvik med gode uteområde rundt skulen.
Utviklingsområde vårt er implementering av fagfornyinga. I tillegg arbeider skulen for at alle elevane skal ha eit godt læringsmiljø.
Me treng lærarar på både barneskulen og ungdomsskulen, med blant anna fag som realfag, spansk og musikk. Kan og bli tildelt funksjonen som kontaktlærar.
Kvalifikasjonar
- godkjent undervisningskompetanse
Personlege eigenskapar
- er ein god klasseleiar
- har god relasjonskompetanse
- har god formidlingsevne
- samarbeidar godt i lærande fellesskap
- er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål
- er løysingsorientert og fleksibel
Me tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø
- eit godt pedagogisk utviklingsmiljø
- lønn etter avtaleverk
- hjelp til å finna bustad
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Fylke: Vestland
- Jobbtype: Fast
- Arbeidstid: Dag
- Søknadsfrist: 19.03.2023
- Arbeidsstad: Kinsarvik
Kontaktpersonar:
Dagny Opedal
mob: +47 416 21 981
Heimeside:
Adresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda
Ullensvang kommune
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?