Ullensvang kommune Ullensvang kommune

100% stilling som kommunalsjef Helse- og omsorg

 

 

Ledig 100% stilling som kommunalsjef Helse og omsorg frå d.d

 

Ullensvang kommune har ledig stilling som kommunalsjef innan helse og omsorg.

Dette er ei spennande stilling med utfordrande oppgåver, der du vil få ei sentral rolle i utvikling av framtidas helse- og omsorgstenester i kommunen. Du vil vera ansvarleg for plan- og strategiarbeid i sektoren.

Kommunalsjef er ein del av rådmannen si leiargruppa, med rådmann som næraste leiar, og dei i fellesskap har ein viktig rolle i strategisk utvikling av kommunen og lokalsamfunn.

 

Kommunalsjef har vidare ansvar for si leiargruppe med verksemdsleiarar med ansvar for heimetenesta, institusjon, demensomsorg, fysio- og ergoterapiteneste, teneste for funksjonshemma, legeteneste og rus- / psykiatriteneste, tildelingskontor, stab: rådgjevarar, merkantil helse, kreft- og demenskoordinator. Helse- og omsorg er i endring, ei viktig oppgåve vil vera å leia og driva omstilling og utviklingsarbeid.

 

Vi søker ein strukturert person som legg vekt på samarbeid og relasjonsbygging med sine medarbeidarar, og er tydeleg i utøving av leiing. Ein leiar som har evne til å sjå kommunen heilskapeleg, og kunne arbeide godt i samspel med administrasjon og politisk leiing.

 

Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

  • Leie, utvikle og tydleggjere sektorens mål og retning innan kommunalområdet.
  • Koordinere økonomioppfølginga, analyse og bistå verksemda. Fylgje opp vedtekne planer, budsjettvedtak og nasjonale føringar
  • Personal-, økonomi og resultatansvar for eige område
  • Representere rådmannen i politiske organer
  • Pådrivar for innovativ tenesteutvikling innan kommunalområdet

 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Høgare relevant utdanning på masternivå med god kompetanse innan leiing, økonomi og administrasjon.
  • Kompetanse og erfaring frå helse og omsorg
  • Leiarerfaring frå offentleg forvaltning
  • Gode datakunnskaper er naudsynt
  • God forståing samspel politikk-administrasjon

 

Eigenskapar:

  • Resultat- og utviklingsorientert, og er beslutningsdyktig
  • Godt humør og er ein samlande relasjonsorientert leiar
  • Gode samarbeidsevner og evne til å tenkja heilskapeleg
  • Evne til å stå i krevjande situasjoner over tid
  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagt

 

Vi kan tilby:

  • Ei strategisk leiarstilling i ein ny kommune med høgt aktivitetsnivå i næringsliv og offentleg forvaltning.
  • Ei utfordrande stilling med gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Ei viktig og spennande stilling i kommunen
  • Kommunale tilsettingsvilkår .

 

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Konkurransedyktig lønn med fri for inntil 10 “ leiardager» .

 

Kontaktinfo: Headviser Per Jorem, tlf.: 400 21 560 eller e-post: [email protected]

 

 

 

Søk her

 

 

  • Fylke: Vestland
  • Jobbtype: Fast
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Søknadsfrist: 02.02.2024
  • Arbeidsstad: Odda

 

Kontaktpersonar:

Ole-Jørgen Jondahl
mob: +47 97558471

 

Heimeside:

ullensvang.kommune.no

 

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

 

 

Ullensvang kommune Ullensvang kommune

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

 

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Ole-Jørgen Jondahl
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 97558471

Lokasjon

  • Odda

Søknadsfrist

Februar 25, 2024