KATEKET/KYRKJELYDSPEDAGOG – 100%

 

 

  • Volda Kyrkjelege Fellesråd
  • Rådhusgata 6a, 6100 Volda

 

Volda kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som kateket frå 1.oktober 2023.

Kateketen har Volda kommune som tenesteområde og fast kontorarbeidsplass ved Volda kyrkjekontor saman med resten av staben. Kyrkjekontoret ligg i godt utstyrte moderne lokale, like ved Volda kyrkje.

Kateketen er leiar for undervisningsarbeidet og truopplæringsteamet vårt. I trusopplæringsteamet har vi kateketen og to trusopplæringsmedarbeidarar i deltidsstillingar

 

Følgjande område er prioritert i undervisningsarbeidet:

  • Trusopplæring inkl. konfirmantarbeid
  • Rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar og leiarar
  • Samarbeid kyrkje – skule/barnehage

 

Eitt viktig satsingsområde dei næraste åra er:

  • Vidareutvikling og revisjon av trusopplæringplanane for alle sokna.

Vi søkjer etter ein medarbeidar med høgare utdanning, slik kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar krev, men vil også vurdere søkjarar med anna relevant utdanning.

 

Vidare legg vi vekt på:

  • Leiarerfaring
  • Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og ungdom
  • Erfaring frå og interesse for leirarbeid
  • Erfaring frå frivillig kyrkjeleg arbeid
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Evne til samarbeid og teamtenking
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
  • Evne til å koordinere mange og ulike oppgåver på same tid
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • Erfaring i bruk av MS Office og programvare for kyrkja
  • Erfaring frå informasjonsarbeid, bruk av nettsider og sosiale media

For å kunne utføre arbeidsoppgåvene i heile tenesteområdet må kateketen ha førarkort og disponere bil. Han/ho som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Elles skjer tilsetjinga i samsvar med Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar, gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for kyrkjeleg sektor.

Det er utarbeidd stillingsomtale for kateketstillinga i Volda kommune.

Vi nytter intervju som ein del av vurderinga av søkjarane.

For nærare opplysningar ta kontakt med kyrkjeverje Jostein Stråbø på tlf. 91663549 eller tidlegare kateket Constanze Lindner tlf. 97179970.

 

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål/attester og referansar vert sendt elektronisk via www.kirkejobb.no innan den 20.09.2023

 

Om arbeidsgiveren

 

Fellesrådsområdet har seks sokn, Volda, Hornindal, Dalsfjord, Kilsfjord, Austefjord og Storfjorden, med kvar si kyrkje. Vi har tre sokneprestar, kyrkjeverje, kateket, to trusopplæringsmedarbeidarar (60% + 10%) og to sekretærar (100 % + 60%) med heile kommunen som tenesteområdet. Volda sokn har kantor og kyrkjetenar i heile stillingar og ein ungdomsarbeidar/diakoniarbeidar i 60%. Dei andre sokna har kyrkjetenar- og organiststillingar tilpassa talet på gudstenester og kyrkjelege handlingar.

Volda kommune ligg i søre delen av Sunnmøre. Naturen er vakker, skiftande med fjordar, dalar og fjell, som gjev rikeleg høve til friluftsliv og rekreasjon heile året. Folketalet var 10809 ved årsskiftet og 8240 eller 76% av desse er medlem av Den norske kyrkja. Volda er kjend som skulestad. Her er vidaregåande skule med mange ulike liner, både allmenn- og yrkesretta, og høgskule med til 4500 studentar. Høgskulen og Fylkessjukehuset er store arbeidsplassar i kommunen.

 

Om stillingen

  • Stillingstittel: Kateket
  • Antall stillinger: 1
  • Oppstart: Etter avtale
  • Ansettelsesform: Fast
  • Prosent: 100 %
  • Heltid/deltid: Heltid
  • Sektor: Privat
  • Arbeidsdager: Ukedager, Lørdag, Søndag
  • Arbeidstid: Dagtid, Kveld

 

Søk på jobben

 

Søknadsfrist: 20. september 2023

 

Kontaktperson for stillingen

Jostein Stråbø
Kyrkjeverje
91663549
[email protected]

 

Del stillingen

Selskap

Volda kyrkjelege fellesråd

Kategorier

Kontaktinfo

  • Jostein Strabø
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Telefon: 916 63 549
  • Constanze Lindner
  • Tittel: tidlegare kateket
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 97179970

Lokasjon

  • Volda

Søknadsfrist

Februar 23, 2024