Sjukepleiarar til to-delt turnus, arbeid kvar 6. helg og integrerte tenester (søknadsfrist 03.10)

 

Samnanger kommune Samnangerheimen

 

Me søker sjukepleiarar til to-delt turnus, arbeid kvar 6. helg og integrerte tenester

 

Eining for pleie og omsorg er den største eininga i kommunen. Ansvarsområda til eininga er mellom anna sjukeheim, heimesjukepleie, praktisk bistand i heimen, bufellesskap for funksjonshemma og dagsenter. 

Me har eit bredt fagfelt der du får nytta heile din sjukepleiarkompetanse og det er moglegheitar for videre utvikling.

Me søkjer sjukepleiarar til to faste 100 % stillingar og 4 vikariat i 100 %.

To-delt turnus med arbeid kvar 6. helg.

Me tilbyr rekrutteringstillegg, fadderordningar for nyutdanna, gode ordningar for vidarutdanniger og har ledige barnehageplassar, også for barn som ikkje bur i kommunen.

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.

Arbeidsoppgåver:

Sikre pasientens individuelle behov
Jobba målretta for å gi pasientane og pårørande deira ein tryggleik og ein fagleg kvalitet som gjenspeglar ein verdig alderdom
Ta del i faglege avgjerder, og utviklinga til avdelinga
Delta i team rundt brukar og bidra med fagleg kompetanse
Delta i direkte tenesteyting mot brukarar
Sjukepleiaroppgåver i brukar sin heim og insititusjon i tråd med vedtak
Sjukepleiardokumentasjon etter lov og forskrift
Gi råd og rettleiing til kollegaer og studentar
Delta i daglege gjeremål i eininga og andre delegerte arbeidsoppgaver frå leiar

Kvalifikasjonar:

Autorisasjon som sjukepleiar
God kunnskap innan sjukepleiarfagleg dokumentasjon
Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
Gode ferdigheitar innan bruk av IKT-verktøy
Søkjar må ha førarkort
Du må kunna leggja fram politiattest

Personlege eigenskapar:

Ønskjer å jobbe med sjuke mennesker i alle aldre
Evna og vilje til å tilegna deg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidet
Du må væra ansvarsbevist, kunnskapssøkjand og fagleg intressert
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
Du er engasjert og ansvarsbevisst
Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
Du er åpen for nye utfordringar
Evne til å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
Fleksibel
Målbevisst og resultatorientert
Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive

Me tilbyr:

Rekrutteringstillegg kr. 30 000 over tariffløn
Fadderordning for nyutdanna
Barnehageplassar
Gode ordninger for viderutdanninger
Evna og vilje til å tilegna deg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidet
Du må væra ansvarsbevist, kunnskapssøkande og fagleg interessert
Årsturnus med faste personalmøter og internundervisning
Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Fleksible arbeidstidsordninger

Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfold, og at våre tilsette skal gjenspeigla befolkninga forøvrig. Me oppforda alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legger vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Me gjer merksam på at søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP sin pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselska

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Skift/turnus

Arbeidsstad: Tysse

 

Søknadsfrist: 03.10.2021

 

Kontaktpersonar:

Janne Drevsjø

tlf: +47 56 58 98 56

 

Heimeside:
/www.samnanger.kommune.no/innhald/helse-sosial-og-omsorg/sjukeheim/
Adresse: Tyssevegen 97 5650 Tysse

Samnanger kommune Samnangerheimen

Samnanger kommune ligg mellom Bergen og Hardanger og er ei naturperle som inviterer deg til inspirasjon både på fjorden og i fjellet. Med våre 2 503 innbyggjarar har me èin barneskule, èin ungdomsskule, to kommunale barnehagar og èin privat. Samnanger har òg ny sjukeheim, nytt senter for funksjonshemma og nytt bibliotek. Kommunehuset i Samnanger ligg mellom 20 og 50 minuttar frå sentrum i kommunane Bergen, Bjørnafjorden, Vaksdal, Osterøy, Kvam og Alver.

 

 

 

Del stillingen

Selskap

Samnanger kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Anette Følid
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 969 41 466

Lokasjon

  • Tysse

Søknadsfrist

Oktober 3, 2021