Avdelingsleiar – 100 % fast – Solkroken (søknadsfrist 16.10)
Vi søkjer etter faglig dyktig og motiverande leiar til sjukeheimstenesta i Alver kommune
Avdelingsleiar – 100 % fast – Solkroken
Kort om stillinga
Vi har ledig stilling som avdelingsleiar ved Meland sjukeheim, avdeling Solkroken, med mogelegheit for utviding av ansvarsområde slik at Ressursbanken er inkludert.
Om
Sjukeheimstenesta i Alver består av 9 avdelingar: Radøy Velferdssenter, Lindås Bu og Servicesenter, Nordgardstunet, Lerketunet, Solkroken, Knarvik Sjukeheim avdeling 1, avdeling 2, avdeling 3, Ressursbanken og Sentralkjøkken. I tillegg er seniorsenteret lokalisert under sjukeheimstensta.
Solkroken er lokalisert på Meland Sjukeheim, og er ei kortidsavdeling som gir tenester til bebuare i Alver Kommune.
Solkroken har eit godt tverrfagleg team av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi jobbar tett saman med tilsynslege, fysioterapeut og ergoterapeut. Avdelinga har årsturnus og fokus på heiltidskultur.
Avdelingsleiarane og tenesteleiar er med i sjukeheimstenesta sitt leiarteam som jobbar tett saman for å gje gode tenester til brukarane.
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar har heilskapleg leiaransvar for avdelinga.
• Personalansvar for dei tilsette i avdelinga
• Fagansvar med fokus på kvalitet på tenesta
• HMS ansvar
• Økonomiansvar innafor gjeldande ramme
• Delta i strategisk arbeid og utvikling i avdelinga og tenesta
• Fremje bruk av velferdsteknologi og digitalisering for både tilsette og brukar
• Samarbeid på tvers av avdelingane og andre tenesteområde
Kompetansekrav
• Offentlig godkjent sjukepleier
• Leiarerfaring frå offentleg sektor eller anna relevant verksemd
I tillegg ønskjer vi at du har:
• Vidareutdanning innan organisasjon/leiing
• Erfaring med turnusarbeid
• God økonomiforståing
• Vilje og evne til å leie og utvikle avdelinga og tenesta i samarbeid med personalgruppa og leiinga
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein avdelingsleiar som har gode kommunikasjons- og formidlingsevner, og som er eit forbilde og ein motivator for dei tilsette. Du klarer å ha oversikt og prioritere arbeidsoppgåver i ein travel kvardag. Vi ønskjer at du kan tenkje utanfor boksen og sjå ulike alternative løysingar. I tillegg er det viktig at du har gode samarbeidsevner og er fleksibel.
Vi tilbyr
Løn etter avtale
Pensjonsordning i KLP
Eit lite høgtideleg, fleksibelt og godt arbeidsmiljø med kompetente og dyktige kollegaer.
Ein arbeidskvardag som er prega av stort fagleg engasjement, humor og god takhøgde.
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen “send søknad”. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Fylke:
Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist: 16.10.2021
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Frekhaug
Kontaktpersonar:
Christina Fosse
tlf: +47 56375704 mob: +47 40910884
Heimeside:
www.alver.kommune.no
Alver kommune, sjukeheimstenesta
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.