Interkommunalt plankontor for Kviteseid og Nissedal, kontorstad Treungen, med Nissedal kommune som vertskommune, har ledig stilling som:
Kommuneplanleggar 100% – fast stilling – Id 716
2. gongs utlysing
Ansvarsområde/viktige arbeidsoppgåver:
- Overordna arealplanlegging, kommuneplanens arealdel og kommunedelplanar.
- Utarbeide og saksbehandle kommunale reguleringsplanar.
- Saksbehandle private reguleringsplanar.
- Vere oppdatert på relevant lovverk, særleg plan- og bygningslova.
- Anna saksbehandling for administrativt og politisk nivå.
- Vedlikehald av kommunens digitale planregister og planbase.
- Bindeledd mellom kommunen og fagmiljø innom arealforvalting på regionalt/statleg nivå.
Kvalifikasjonskrav:
- Mastergrad innan fagområdet arealplanlegging er ynskjeleg.
- Alternativt kan minimum 3-årig relevant høgskule- eller universitetsutdanning vere aktuelt.
- Fagområde som samfunnsvitskap, gis/geodata, naturforvalting og/eller juridiske fag vil også bli vurdert.
- Solid erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse.
- God kunnskap og erfaring med bruk av relevante digitale verktøy og hjelpemiddel.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Norskkunnskap på minimum språkprøve nivå B2.
Vi ser etter deg som:
- Har variert kompetanse innan kommunal arealplanlegging på overordna og detaljnivå.
- Har kunnskap om relevant lovverk, planutforming og kommunal plansaksbehandling.
- Har forståing for samspelet mellom politisk og administrativt nivå i planprosessar.
- Har interesse for, og kunnskap om, lovbruk, analyse og statistikk.
- Er sjølvstendig og fleksibel og forstår det å byggje nettverk internt og eksternt.
- Kan jobbe konsentrert og trivst med å planlegge og å skrive saker.
For stillinga
Løn etter Hovudtariffavtala. Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov og kommunen sitt reglement.
Køyregodtgjering etter statens satsar.
Gode utviklingsmoglegheiter i eit godt arbeidsmiljø.
Fokus på kompetanseheving og fagutvikling.
Som tilsett i Nissedal kommune blir du meldt inn i KLP (Kommunal Landspensjonskasse).
Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige
Anna
Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet. Både Kviteseid og Nissedal kommunar nyttar nynorsk som målform.
Offentleggjering
Søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateke for offentligheit. Dersom ønsket ikkje blir innfridd, vil søkaren bli varsla om dette. (Offentleglova § 25).
Kontaktperson
Sveinung Seljås, plansjef, mobil: 41 56 39 95, sveinung.seljas@nissedal.kommune.no
Slik søkjer du
Søknad på elektronisk søknadsskjema
Søknadsfrist: 10.11.2021.