Avdelingsleiar
Arbeidsgiver Vestland fylkeskommune
Stillingstittel Avdelingsleiar
Frist 05.12.2022
Ansettelsesform Fast
Fusa Vidaregåande skule tilbyr: Studiespesialisering kunst, design og arkitektur og 4 yrkesfaglege utdanningsprogram; helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, naturbruk og restaurant- og matfag. I tillegg har vi tilbod innan TAF og HTH/HTA. Skulen har om lag 300 elevar og 50 tilsette som kvar dag arbeider mot visjonen om å vere modige- opne og kompetente. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for å kunna gje ei relevant opplæring. Sjå skulen si heimeside https://www.hordaland.no/nn-NO/skole/fusavgs/ og skulen sin film
Skulens elevsyn: Fusa vidaregåande skule legg stor vekt på trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Ut i frå ulike føresetnader vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar, og får tileigna seg relevant fagkunnskap.
Avdelingsleiar er kompetent – open – modig, har god rolleforståing og bidreg til at Fusa vidaregåande skule utviklar seg i tråd med gjeldande føringar og mål. Avdelingsleiar er medlem i skulen si leiargruppe og skal aktiv bidra til at skulen har eit godt opplæringstilbod for alle elevar.
Leiarstillinga er knytt til elevtjenesta og to yrkesfag
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å drive endrings- og utviklingsarbeid
- Ansvar for organisering, tilrettelegging og administrasjon i avdelinga
- Ansvar for personal- og økonomi i aktuell avdeling
- Særskilt ansvar for å vidareføre og utvikla arbeid med tilpassa opplæring
- Leiar av skulen sitt ressursteam
- Sakshandsaming jamfør Opplæringslova
- Timeplanarbeid
- Overordna ansvar for marknadsføring
- Samarbeid med aktuelt næringsliv
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha høgare utdanning, minimum bachelor
- Ynskeleg med erfaring frå undervisning og leiarerfaring frå vidargåande skule
- God digital kompetanse
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- God innsikt i formelle strukturer og regelverk frå vidargåande opplæring
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Du har høg arbeidskapasitet og er ambisiøs på skulen sine vegne
- Du har god gjennomføringsevne
- Du er ein open, tydeleg og tillitsskapande leiar for dine tilsette
- Du er ein utviklingsorientert bidragsytar i leiargruppa
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver i ein skule som vektlegg trivsel for elevane
- Gode forsikrings- og pensjonsordninger
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
- Inkluderande, trygt og godt arbeidsmiljø
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Spørsmål om stillingen
Inger-Elin Epland, rektor