Ledig stilling – Kommunalsjef Samfunn og Plan
Ulvik herad søkjer etter ny kommunalsjef til å leia ei spanande eining.
Stillinga som kommunalsjef samfunn og plan er organisatorisk lagt under kommunedirektøren og er ei 100 % fast stilling.
Søknadsfrist: 1. januar 2023
Det ligg til stillinga å bidra til ei styrking av samhandlinga på tvers av heradet sine einingar og tenestene til innbyggjarane. Stillinga inngår i kommunedirektøren si strategiske leiargruppe.
Ansvar og arbeidsoppgåver:
- Leia, koordinera og vidareutvikla eining for samfunn og plan, herunder fagområda veg, VA, bygg, eigedom, kommunal drift, planarbeid, samt brann- og feiarteneste
- Budsjett og økonomistyring • Personalleiing og organisasjonsutvikling • Delta aktivt i utviklingsarbeidet lokalt og regionalt
- Rettleia og bistå andre einingar, næringsdrivande og våre innbyggjarar
- Generell sakshandsaming av både administrative og politiske saker
- Vera pådrivar i arbeidet med pågåande og komande utviklingsarbeid i heradet
Me søkjer etter ein person som har:
- Minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning, gjerne ingeniør, med leiarkompetanse/-erfaring
- Relevant erfaring elles, og evne til nytenking og innovasjon
- Erfaring frå økonomi- og utviklingsarbeid er ei føremon
- Leiarerfaring frå privat eller offentleg sektor
- Gode kommunikasjons-, service- og samarbeidsevner
- Evne til å motivera, leia og utvikla medarbeidarar
- Personleg interesse og engasjement for stillinga vert tillagt stor vekt
Me kan tilby:
- Ei spanande leiarstilling med sektorovergripande interesser og med store mogelegheiter for sjølvrealisering og personleg utvikling
- Løn etter avtale
- Hjelp til å skaffe bustad, evt hjelp til å skaffe arbeid for partner.
Kontorstad er Ulvik.
Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakta kommunedirektør Thore Hopperstad på tlf 4000 7158 eller epost thore.hopperstad@ulvik.kommune.no.
Merk søknad med saksnr 22/924
Søknadsfrist er 1. januar 2023