Er du vår nye kyrkjeverje/daglege leiar i Surnadal kyrkjelege fellesråd?
Surnadal kommune ligg på Nordmøre og har ca. 6000 innbyggjarar. Kommunen er kjend for sitt rike kulturliv og fine turområde.
Kyrkjeverja er dagleg leiar i kyrkjeleg fellesråd. Fellesrådet er kyrkjas valde organ på kommunenivå.
I Surnadal har vi 6 kyrkjer og 7 kyrkjegardar fordelt på fem sokn.
Kyrkjekontoret ligg i sentrum, og er eit fleirbrukshus der fleire av våre aktivitetar finn stad.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:
Kyrkjeverja er dagleg leiar for verksemda til fellesrådet. Dette inneber m.a.:
- Personalleiing og arbeidsgjevar for dei tilsette.
- Ansvar for økonomi, rekneskap og budsjett.
- Planleggjing og tilretteleggjing av kyrkjeleg verksemd.
- Sekretær og saksbehandlar for fellesrådet og ansvarleg for oppfølgjing av vedtak.
- Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar.
- Leiar for gravferdsforvaltninga i kommunen.
- Rapportering til det offentlege.’
- Oppretthalde kontakt med kommunen og elles vere ein synleg representant utad.
- Bidra til å realisere kyrkja sin visjon om å vere levande, nær og tilgjengeleg i lokalsamfunnet.
Kvalifikasjonar
- Utdanning i leiing, personalleiing, administrasjon og økonomistyring. Annan utdanning kan også vera aktuell.
- Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og muntleg.
Fordel med:
- Kunnskap om kyrkjeleg organisering og offentleg forvaltning. Opplæring vil bli gjeve.
- Kunnskap om forvaltning av kyrkjebygg, herunder vedlikehald av verneverdige bygg. Opplæring vil bli gjeve.
Du må vere medlem i Den norske kyrkja.
Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar:
- Som kyrkjeverje må du ha gode leiareigenskapar og vere flink til å organisere og administrere.
- Du er løysingsorientert i ein kvardag der du møter ulike utfordringar.
- Du er tillitsvekkjande, god i møte med folk og ein relasjonsbyggjar.
- Du er fleksibel og allsidig.
- Erfaring frå kyrkjeleg arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
Vi tilbyr:
- Ei spennande og meningsfylt stilling med konkurransedyktige betingelsar i ein kompetent organisasjon.
- Pensjonsordning i KLP.
Har du spørsmål om stillinga?
Ring fellesrådsleiar Rannveig Brøske på mobilnummer 476 25 054
Søknad med cv sendes til: post@surnadal.kyrkja.no
eller Surnadal kyrkjelege fellesråd, Postboks 19, 6656 Surnadal.
Søknadsfrist 1 februar 2023.