Ledig vikariat i engelsk og historie
DAL – DALE VGS, Vestland fylkeskommune
Undervisningsstilling i engelsk og historie frå ca. 20. mars 2023 – ca. 20. mars 2024. Mogleg å søkje berre på det eine faget eller ev. i kombinasjon med andre fag.
Dale vidaregåande skule ligg i Dale i Sunnfjord som er kommunesenteret i Fjaler. Skulen tilbyr Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Helse- og oppvekstfag, Helsearbeidarfag, Teknikk og industriell produksjon, Industriteknologi og Påbygging. Vi har også ei gruppe innan vaksenopplæring naturbruk/akvakultur. Dale vgs er ein stad der elevar og tilsette trivst i lag, miljøet er svært godt og stimulerer til utvikling og læring. Det er i dag ca. 200 elevar og 45 tilsette ved skulen. Visjonen vår er «Vilje til visdom og vennskap». Sjå gjerne heimesida vår https://www.dale.vgs.no/
Søknadsfrist: 17.01.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Dale i Sunnfjord
Stillingstittel: Ledig vikariat i engelsk og historie
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4601458840
Startdato: 20.03.2023
Sluttdato: 20.03.2024
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i engelsk på ulike trinn på studiespesialisering og yrkesfag.
- Undervisning i historie, fortrinnsvis på vg3 studiespesialisering.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer ein vikar som har solid fagbakgrunn i engelsk og historie, helst med mastergrad, men minimum 60 studiepoeng i undervisningsfaga. Ønskjeleg med gjennomført praktisk pedagogisk utdanning (PPU).
- God munnleg/skriftleg framstillingsevne. Tidlegare arbeidserfaring frå vgs er ein fordel. Interesserte som berre har undervisningskompetanse i eitt av faga, kan også søkje. Digital kompetanse er viktig, då mykje av arbeidet skjer ved hjelp av Teams, OneNote og Visma in School.
Personlege eigenskapar
Vikaren må vere fagleg dyktig og i stand til å formidle fag på ein motiverande måte. Det er viktig å kunne arbeide sjølvstendig med faga, ha god oversikt over læreplanar og kompetansemål, men ein bør også ha gode samarbeidsevner og ha fokus på å byggje gode relasjonar til elevane. Vi søkjer ein positiv og energisk vikar som set elevane si læring i sentrum.
Vi tilbyr
- Eit inspirerande fagmiljø med gode kollegaer og kjekke elevar!
- Løn etter gjeldande regulativ
- Vanlege gode fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
- Prøvetid på 6 månader
- Politiattest av nyare dato ved tilsetjing
- Attesterte kopiar av vitnemål og attestar skal leggjast fram ved eventuelt intervju.
Jarstadvegen 28, 6963 Dale i Sunnfjord
Kontaktinformasjon
Gro Fivelsdal, rektor
901 49 611
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.