Kommunepsykolog

 

Helse- og omsorgsetaten

Ulstein kommune har to stillingar for kommunepsykolog. Stillingane er knytt til interkommunalt samarbeid mellom kommunane Sande, Vanylven og Ulstein.

Søknadsfrist: 22.01.2023
Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetaten
Stad: ULSTEINVIK
Stillingstittel: Kommunepsykolog
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100

Arbeidsoppgåver

Bidra til å styrke psykologkompetansen i samarbeidskommunane si helse og omsorgsteneste
Delta i kommunane si psykisk helse og rusfeltet
Bidra til å styrke det kommunale arbeidet på psykisk helse- og rusfeltet
Kurativt lågterskel til barn, unge og vaksne
Bidra til å styrke det helsefremmande og forebyggande arbeidet i kommunane
Bidra med tverrfagleg samarbeid både internt og med andre tenester
Bidra med rettleiing og rådgjevande oppgåver for andre kommunale tenester

Kvalifikasjonar

  • Godkjenning som psykolog
  • Erfaring med arbeid med barn og familier, rus og psykisk helse
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og målretta
  • Gode IKT- kunnskapar
  • Tilfredstillande politiattest
  • Førarkort for personbil og kunne disponere bil?

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevne
  • Stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå på tenestene våre, og eit kreativt og utviklande arbeidsmiljø
  • Samlokalisering med Psykologsenteret i Ulsteinvik
  • Rettleiing frå psykologspesialist etter avtale

 

Søk på stillingen her.

 

Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter, 6065 ULSTEINVIK, Norge

Kontaktinformasjon

Marit Botnen
Kommunalsjef helse og omsorg
90841932

 

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

 

 

Fastlegeheimel

 

Frå 01.07.2022 har vi ledig heimel for fastlege.

Fastlegeheimelen er lokalisert til Ulstein legesenter som er eit aksjedrive praksisfellesskap med 10 fastlegar, der 9 av desse pr i dag er ferdige spesialister i almennmedisin. I tillegg har vi LIS 1 lege.

Ulstein kommune har interkommunal legevakt saman med Hareid kommune på ettermiddag/kveld og i helgane. Kommunen er med i fastlønna interkommunal nattlegevakt med kommunane Hareid, Ørsta, Volda, Herøy og Sande. Det er pliktig deltaking i legevakta.

Arbeidsoppgåver

Utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagleg miljø med dyktige og positive kollegaer
Listestorleik på 800. Denne kan utvidast og det er god pasienttilgang
Kommunal deltidsstilling i inntil 7,5 timar pr. veke kan bli pålagt

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå Helfo
Godkjent utdanning som spesialist i allmennmedisin
Søkjarar som er under eller vil starte utdanning til spesialist i allmennmedisin er også velkomne til å søkje.
Gode evner i norsk munnleg og skriftleg
Førarkort
Vi legg stor vekt på uttale frå almennlegeutvalet, j.fr. ASA 4310. P 5.5

Personlege eigenskapar

Positiv innstilling og faglig engasjement med personlege eigenskapar som gjer deg eigna til jobben.

Ved tilsetting må du kunne legge fram ny politiattest.

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr praksis ved eit stort legesenter med sterk fagleg kompetanse og godt kollegialt felleskap.
  • Legesenteret er attraktivt og vi har godt renomme i området.
  • Vi kan tilby ALIS avtale etter ny ordning. Kommunen har godkjent utdanningsplan etter dei nye retningslinjene og vi har utdanna vegleiar.
  • Vi tilbyr dekning av kurs som er nødvendige for utdanninga og praksiskompensasjon ved fråver i samband med utdanning.
  • Vi tilbyr også ein økonomisk oppstartspakke etter avtale. For ferdige spesialister vil det også bli gitt ein startavtale i samband med kontorutgifter. Goodwill har kommunen vedtak om å finansiere, foreløpig for 3 år.

Listestorleik og ei evt kommunal stilling kan endrast etter avtale. Pr i dag er det ikkje tillagt kommunal deltidsstilling til denne heimelen

Vilkår for praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar.

Stillingskategori

Fastlege/hjemmel/avtale

Arbeidsgiver

Ulstein kommune

 

Kontaktpersoner

Michael Dahl, Dagleg leiar ved Ulstein legesenter
Telefon: 70 01 89 89

Norunn Kirkebø Elde, Kommuneoverlege
Telefon: 928 02 357

 

Søknadsfrist 15. mai 2022

 

Søk på stillingen her

 

Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer

 

Hjemmeside
www.ulstein.kommune.no
Arbeidssted: Sjøgata 3, 6065 ULSTEINVIK

 

Del stillingen

Selskap

Ulstein kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Kari Riise
  • Tittel: Personalleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 992 68 701

Lokasjon

  • Ulsteinvik

Søknadsfrist

Januar 22, 2023