50% Vikariat undervisningsstilling Naturbruk / akvakultur
FUS – Avd. Yrkesfag, Vestland fylkeskommune
Fusa Vidaregåande skule tilbyr: Studiespesialisering kunst, design og arkitektur og 4 yrkesfaglege utdanningsprogram; helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, naturbruk og restaurant- og matfag. I tillegg har vi tilbod innan TAF og HTH/HTA. Skulen har om lag 300 elevar og 50 tilsette som kvar dag arbeider mot visjonen om å vere modige- opne og kompetente. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for å kunna gje ei relevant opplæring. Sjå skulen si heimeside https://www.hordaland.no/nn-NO/skole/fusavgs/ og skulen sin film
Skulens elevsyn: Fusa vidaregåande skule legg stor vekt på trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Ut i frå ulike føresetnader vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar, og får tileigna seg relevant fagkunnskap.
Skulen treng lærarvikar snarast på naturbruksavdelinga, ut skuleåret
Søknadsfrist: 19.01.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Eikelandsosen
Stillingstittel: 50% Vikariat undervisningsstilling Naturbruk/akvakultur
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 50
Webcruiter-ID: 4604317930
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i VG2 akvakultur og VG1 naturbruk
- Samarbeid på avdelinga
Kvalifikasjonar
- Universitet eller høgskuleutdanning innan akvakultur, havbruksteknologi, fiskeribiologi, marinbiologi, godkjent yrkesfaglærarutdanning eller fagbrev i akvakulturfaget eller liknande
- Relevant praksis frå akvakulturnæringa
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du ynskjer å vera ein trygg og tydeleg klasseleiar med evne til å skapa gode relasjonar
- Du kan arbeida sjølvstendig og nøyaktig,
- Du har gode evner til samarbeid, og kommuniserer godt både med elevar, tilsette og føresette
- Du er systematisk og strukturert
- Du er har ei løysingsorientert innstilling til arbeidsoppgåvene og utfordringar
- Du står inne fylket sitt verdigrunnlag og skulen si pedagogiske plattform
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver i ein skule som vektlegg trivsel for elevane
- Gode forsikrings- og pensjonsordninger
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
- Inkluderande, trygt og godt arbeidsmiljø
Leiro 43, 5640 Eikelandsosen, Norge
Kontaktinformasjon
Haldis Gjøen Solvang, ass. rektor
971 61 326
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.