Helsefagarbeidar nattevakt – 3 stillingar
Helsefagarbeidar
Er du helsefagarbeidar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg. I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.
Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap.
Omsorgstenesta har fire nattevakter med både sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Helsefagarbeidarene vil ha eit tett samarbeid med dei andre nattevaktene for å sikre en heilskapleg tilnærming og oppfølging. Sjukeheimen har plass til 48 bebuarar fordelt på 3 grupper.
Dei ledige stillingane er ved Kårstova og Solstova Rask. Kårstova har 17 plassar for personar med kognitiv svikt/ demenssjukdom. Solstova/Rask har 16 langtidsplassar.
- Helsefagarbeidar fast 80% stilling på natt frå 1.4.23 ved Solstova/ Rask
- Helsfagarbeidar fast 100% stilling på natt frå 1.3.23 ved Kårstova
- Helsefagarbeidar fast 20 % stilling på natt frå snarast ved Kårstova
Arbeidsoppgåvar
- Utøve direkte stell, pleie og tilsyn pasientar og brukarar med utgangspunkt i “kva er viktig for deg?”
- Medverke til tryggleik og gje omsorg
- Dokumentasjon og administrative oppgåver
- Medverke til å oppretthalde og utvikle høg fagleg kvalitet på tenestene
- Delta i utvikling og forbedringsarbeid
- Medverke til god informasjonsflyt
- Medverke til godt samarbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar/ hjelpepleiar/ omsorgsarbeidar. Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkarar kan andre med relevat erfaring søke og bli mellombels tilsett
- Medisinkurs eller være villig til å ta dette
- God norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Politiattest vert krevd ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Like utfordringar og er løysingsorientert
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
- Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Vi tilbyr
- Kr 10 000,- over garantiløn etter gjeldande tariff for helsefagarbeidarar/ omosrgsarbeidarar/ hjelpepleiarar
- Pensjonsordning i KLP
- Flyttegodtgjerdsle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Erik Ole Opsahl
tlf: +47 57734507
Adresse: Askvollheimen 6980 Askvoll