Helland barneskule/SFO

Miljøterapeut – 100 % fast – Helland barneskule/SFO

 

 

Stillingstype

Det er ledig inntil 100 % faste miljøterapeutstilling ved Helland barneskule/SFO frå 01.08.2023. Vi søkjer etter miljøterapeut som kan hjelpe og støtte opp i læringsprosessar for elevar med særskilte behov i skule og SFO.

Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.

Arbeidsoppgåver

– tett oppfølging av enkeltelevar med særskilte behov
– følgje elevane i ulike aktivitetar i skulen og på SFO
– legge til rette for eit godt læringsmiljø
– rettleie og motivere elevar fagleg og sosialt
– tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar der det er behov
– samarbeide med elevar, føresette og kollegaer

Kvalifikasjonar

– vi søkjer særskilt etter vernepleiar, men andre med høgskule- eller universitetsutdanning som kvalifiserer til arbeid som miljøterapeut kan også søkje
– erfaring frå arbeid med barn i grunnskulealder
– ønskjeleg med kompetanse i arbeid med sosiale ferdigheiter
– beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
– ha god kommunikasjonsevne
– digital kompetanse
– det blir stilt krav om politiattest
– personlege eigenskapar vil og bli vektlagt

Personlege eigenskapar

– fagleg engasjert
– er stabil og fleksibel
– har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
– er forutsigbar og opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen

Vi tilbyr

– allsidig utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
– løn etter gjeldande regelverk
– pensjon og forsikringsordningar etter tariffavtale
– kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar

Oppgi referansar

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.                                                                         

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

 

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

   

 

 

Referansenummer: 23/324

Fylke: Møre og Romsdal

Jobbtype: Fast

Heltid/deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist 10.03.2023

 

Tiltreding 01.08.2023

 

Arbeidsstad Helland barneskule/SFO 

Kontakperson:

Gisela Stene Smith-Nilsen    

mob: +47 99441455

 

Heimeside:  www.vestnes.kommune.no

 

Vestnes barneskule

Helland barneskule har ca. 300 elevar på 1.-7.årssteg. Skulen har skulefritidsordning med ca 90 barn. Helland barneskule ligg sentralt i Vestnes kommune. Skulen ligg i eit flott naturområde nær sjø, skog og fjell. Skulen nyttar seg ofte av den flotte naturen til turar og aktivitetar.

 

Del stillingen

Selskap

Vestnes kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Randi Kleive Bredeli
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: 907 63 819

Lokasjon

  • Vestnes

Søknadsfrist

Mars 10, 2023