PP-rådgjevar
Er du ein engasjert person som alltid set barnas beste i fokus? Er du i tillegg ein dyktig relasjonsbyggjar?
Vi har hos oss eit fagleg godt miljø som alltid arbeider til barnas beste og ønskjer fleire gode kollegaer velkomen.
Som PP-rådgjevar skal du bidra til å hjelpe barn og elevar med behov for særskilt tilrettelegging. Hensikta er at dei skal få eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. Som PP-rådgjevar skal du også hjelpe barnehagar og skular med å legge til rette for barn og elevar med særskilte behov.
Om PP-tenesta
PP-tenesta har som oppgåve å hjelpa skule og barnehage med organisasjonsutvikling og kompetanseutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for barn med særskilte behov, og syte for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det.
PPT og Logopedkontoret si tverrfagelege oppbygging representerer ein styrke inn mot tidleg innsats, sakkunnig arbeid, systemarbeid og oppfølging over tid på individ- og systemnivå.
Kontoret har behov for kompetanse innan læringsmiljø og gruppeleiing, pedagogisk analyse og kompetanse om læring i eit flerkulturelt perspektiv i skulen. Kompetanse innan psykososiale vanskar, utviklingsforstyrringar, sosioemosjonelle vanskar, matematikkvanskar, lese- og skrivevanskar vil vera ein fordel.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsområdet vil fortrinnsvis vera knytt til PP-tenesta sitt arbeid inn mot skular
- Arbeidsoppgåvene vil omfatta rettleiing til skulane og barnehagane innan kompetanse- og organisasjonsutvikling, sakkunnig arbeid etter Opplæringslova § 5-3 og Barnehagelova § 35
- Arbeidsoppgåvene inkluderer rettleiing på individnivå til elevar, føresette og skule
- Arbeidet vil også i stor grad vera samarbeid med andre instansar og tenester
Kvalifikasjoner
- Relevant pedagogisk/spesialpedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet – fortrinnsvis på masternivå
- Lang erfaring med spesialpedagogisk arbeid frå skule vert vektlagt
Systemkompetanse - Kompetanse innan organisasjon- og endringsleiing
- Rettleiing- og rådgjevingskompetanse på gruppe, klasse- og barnehage/skulenivå
- Kartlegging og testerfaring
- Gode ferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg er ein føresetnad
- God kjennskap til innhaldet i skule og barnehagesystema er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Engasjert, systematisk og strukturert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide fleksibelt, målretta og løysingsorientert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- God arbeidskapasitet
Vi kan tilby
- Eit godt miljø med spennande fagområder i utvikling
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i samarbeid med barnehagar, skular og andre aktører i laget rundt barnet
- Kurs, opplæring og sertifisering etter kontoret sine behov
- Vidareutdanning
- Rettleiing med erfarne PP-rådgjevarar i tenesta vår
Andre krav
- Søkjar må kunne bruka eigen bil i tenesta.
Lønnsvilkår
- Lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtale.
Anna
- Aktuelle søkere blir kalla inn til intervju.
- Den som vert tilsett må levera politiattest.
For nærare opplysningar om stillinga – ta kontakt med fagleiar Unni Lægreid tlf 901 25 981, unni.bleie.legreid@ullensvang.kommune.no
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Fylke: Vestland
- Jobbtype: Vikariat
- Arbeidstid: Dag
- Søknadsfrist: 08.03.2023
- Arbeidsstad: Ullensvang kommune
- Kontaktpersonar: Eva Wiberg
- mob: +47 90 59 05 98
- Heimeside: ullensvang.kommune.no
- Adresse: Opheimsgata 31 5750 Odda
Ullensvang kommune PPT og Logopedkontor
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?