Vernepleiar/ sjukepleiar/ miljøterapeut 100% fast stilling
Bu og miljøtenesta/ Markatunet har frå snarast ledig 100% fast stilling som vernepleiar
Er du vernepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg. I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Markatunet består av 8 nye bueiningar for personar med funksjonsnedsettingar. Bu- og miljøtenesta yt teneste til brukarar med ulike utfordringar og diagnosar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap. Den tilsette vil ha eit tett samarbeid med andre aktørar innanfor helse- og omsorgssektoren for å sikre en heilskapleg tilnærming og oppfølging, herunder helse, heimetenesta og spesialisthelsetenesta.
Arbeidsoppgåver:
- Direkte tenesteyting i samsvar med vedtak, dagsplanar og rutinar
- Kartlegge behov, iverksette og evaluere tiltak
- Utføre oppgåver i samsvar med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
- Primærkontakt, teamdeltakar og koordinator
- Tverrfagleg samarbeid
- Medverke til fagutvikling i seksjonen
- Medverke til utvikling av godt arbeidsmiljø
- Delta i dagtilbod og burettleiing
- Medisinansvar
- Rettleiing av kollegaer, brukarar, pårørande, studentar og elevar
- Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
- Arbeid i 2-delt turnus og kvar 3. helg, etter 35,5 t/veke
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som vernepleiar, sjukeleiar eller annan relevant bachelorgrad
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere bil
- Det er krav om framlagd politiattest før oppstart
Personlege eigenskapar:
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Like utfordringar og er løysingsorientert
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
- Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Vi tilbyr:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Avtale om signeringsstipend på kr. 75 000, mot eit års bindingstid for sjukepleiararar og vernepleiarar
- Sjukepleiarar og vernepleiarar får eiit lokalt tillegg på kr. 20 000 over garantiløn etter gjeldande tariff
- Pensjonsordning i KLP
- Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Kontaktpersonar:
Sara Terese Osland
tlf: +47 57734512 mob: +47 90607962
Stine Margrethe S. Herland
tlf: +47 57734514 mob: +47 47836132
Heimeside: www.askvoll.kommune.no
Adresse: Askvollheimen 6980 Askvoll