Ledig 60% stilling som kantor/kyrkjemusiker i Surnadal
60% LEDIG STILLING som Kantor/ kyrkjemusikar i Surnadal på Nordmøre
I Surnadal finn du:
– eit triveleg arbeidsmiljø, med gode kollegaer
– eit rikt musikk- og kulturliv som gjerne samarbeider
– gode instrument
– 6 kyrkjer og eit kyrkjelydshus midt i Surnadal sentrum
Hovudarbeidsstad er kyrkjene i Todalen, Åsskard og Stangvik sokn.
Oppmøtestad og kontor på kyrkjelydshuset på Skei.
Kantor/ kyrkjemusikar i Surnadal vil samarbeide om kyrkjemusikalske prosjekt med vår andre kantor.
Det vil også vere ein del intern vikariering td. under ferieavvikling m.m.
Mykje av kvardagsaktiviteten slik som korøvingar, babysong, møter m.m. går føre seg på kyrkjelydshuset.
Vil du vite meir om kyrkja i Surnadal?
Sjå www.surnadal.kyrkja.no og www.trolheimsporten.no
Kvalifikasjonar:
Kyrkjemusikalsk kompetanse jfr. tenesteordning for kantorar
eller anna relevant utdanning.
Personleg eignaheit og evne til samarbeid vil bli lagt vekt på.
Førarkort og disponere bil.
Vi kan tilby:
Lønn og arbeidsvilkår i tråd med avtaleverk.
Pensjonsordning i KLP.
Rom for eigne idear og initiativ.
Attraktivt og inspirerande konsert/musikklokale i Stangvik kyrkje.
Vil du vite meir om stillinga?
Ring Kyrkjekontoret i Surnadal tlf. 71657060
Søknadsfrist: 23.mars
Søknad med cv sendes til: post@surnadal.kyrkja.no, eller Surnadal kyrkjelege fellesråd, Postboks 19, 6656 Surnadal.
Har du spørsmål om stillinga?
Ring fellesrådsleiar Rannveig Brøske på mobilnummer: 476 25 054