Telemark Nett, avdeling Treungen, har ledig stilling som
Energimontør
Arbeidsgiver Telemark Nett AS
Frist 06.11.2022
Ansettelsesform Fast
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vera montørarbeid i samband med nyanlegg og drift av VTK konsernet sitt kraftnett og fibernett, men linjerydding, transportoppdrag og anna arbeid kan også bli aktuelt. Deltaking i vaktordning kan bli pålagt. Stillinga vil bli underlagt Telemark Nett AS, avdeling Treungen.
Vi søkjer personar med fagbrev som energimontør og førarkort kl. B, men all kompetanse og erfaring vil bli vurdert. Vi har som mål å få inn fleire yngre montørar. Arbeidskvardagen for ein montør i Telemark Nett blir stadig meir digitalisert; – derfor er evner og interesse på dette området viktig.
Løn og andre vilkår i samsvar med sentral og lokal avtale. Konsernet har eiga pensjonskasse med vilkår som i andre offentlege ordningar og gode velferdstilbod elles.
Spørsmål om stillingane kan rettast til Telemark Nett AS ved dagleg leiar Gunnar Snarteland på tlf. 350 75 738 / 350 75 700.
Om arbeidsgiveren
Vest-Telemark Kraftlag blei stifta i 1940 og er eigd av Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje kommune. Selskapet er i dag organisert som eit konsern med morselskap og to dotterselskap, Vest-Telemark Kraftlag AS og Telemark Nett AS. Fyrstnemnde driv med kraftproduksjon, straumsalg og fiber, medan Telemark Nett driv med kraftoverføring (nett). Konsernet har om lag 60 tilsette og ei årleg omsetning på ca. 400 mill. kr. Hovudkontoret er på Høydalsmo i Tokke kommune, men konsernet har og ei avdeling i Treungen i Nissedal kommune.