Undervisningsinspektør

 

 

Me søker

Undervisningsinspektør i 100% (75% inspektør + 25% vikar, undervisning og/eller anna funksjonsoppgåve). Stillinga er ledig frå 01.08.2023

Hovudarbeidsoppgåver

  • Del av Ølen skule si leiargruppa som består av rektor og to undervisningsinspektørar
  • Leiargruppa har ansvar for drift og utvikling av skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap
  • Mogleg vikaransvar deler av eininga
  • For tida er denne stillinga organisert slik at den er knytt til elevar og personale på 1-7.klasse
  • Undervising i faste fag eller andre funksjonar
  • Tolking av elevdata og analyse av desse
  • Vera pådrivar for godt samarbeid med elevar, føresette, tilsette, ulike instansar og samarbeidspartar
  • Halde ved like og jobbe i administrative fagprogram kommunen har
  • Timeplanarbeid; utarbeide timeplanar og vaktplanar for skulen og arbeidsplanar for tilsette

Kvalifikasjonar

  • Stillinga set krav til undervisingskompetanse for grunnskulen
  • Tilleggskompetanse innan skuleleiing vil vera ein fordel
  • Gode IKT- og system -kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du må vera villeg til å ha ei fleksibel arbeidstid
  • Evne til å skapa gode relasjonar og til å kommunisera med kollegaer, føresette og elevar er eit absolutt krav til den som blir tilsett
  • Du må vera innstilt på å vera med å løysa daglege utfordringar på ein konstruktiv måte
  • Stor evne til samarbeid
  • Fleksibel og klar for å finna løysingar
  • Administrasjon er ein vesentleg del av stillinga, det er naudsynt at ein har god ordenssans, meistrar digitale verktøy og sakshandsaming

Me kan tilby

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar

Skulen arbeider med systematisk arbeid i §9a-saker, utvikling av eit profesjonelt læringsfellesskap og lesing i eit inkluderande læringsfellesskap som overordna målsettingar.

Skulen har i tillegg ein merkantil med SFO-ansvar som er svært viktig medarbeidar i kvardagen.

  • Ølen skule er 1- 10 skule med 280 elevar
  • Ligg sentralt til i Ølen
  • Me har eit aktivt og engasjert personale
  • Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

 

Søk her

 

 

 

  • Fylke: Rogaland
  • Jobbtype: Fast
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Søknadsfrist: 11.04.2023
  • Tiltreding: 01.08.2023
  • Arbeidsstad: Ølen skule

 

Kontaktpersonar

Gro Anett Espevoll
tlf: +47 53655782
mob: +47 95150434

 

Heimeside

/www.vindafjord.kommune.no/barn-og-skule/grunnskule/vindafjordskulen/olen-skule/

 

Adresse

Litlehagen 15 5580 Ølen

 

Vindafjord kommune

Ølen skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca. 280 elevar. Skulen ligg i Ølen sentrum og kan tilby deg jobb i eit engasjert, inkluderande og positivt arbeidsmiljø. Ølen skule arbeidar for god trivsel og for å utvikla eit godt, trygt og systematisk læringsmiljø. Skulen legg vekt på tilpassa opplæring og tidleg innsats. Arbeid med fagfornyinga har fokus i tida framover. Skulen har elevar frå fleire nasjonar, og har fokus på at dei skal vera ein naturleg del av elevflokken. Vindafjord sin velkomstklasse for nye elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn er lagt til Ølen skule.

 

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Nina Iren Husevåg
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 53655740 mob: +47 99238915

Lokasjon

  • Ølen

Søknadsfrist

Mars 2, 2023