KYRKJEVERJE/ DAGLEG LEIAR
Samnanger kyrkjelyd, 5650 Tysse
Kyrkjeverje / dagleg leiar DNK – Samnanger sokn Års-vikariat i 80-100% stilling som kyrkjeverje/ dagleg leiar frå 1. sept. 2023 m. utsikt til fast tilsetjing.
OM OSS Samnanger er ein liten kommune mellom Bergen og Hardanger med om lag 2500 innbyggjarar. Me ligg fint til mellom fjord og fjell med gode høve til friluftsliv. Samstundes når du Bergen sentrum på 30-40 min. Me har eitt kyrkjesokn med to kyrkjer og ein aktiv kyrkjelyd. Dei tilsette har kontorfellesskap i Haga kyrkje, ei moderne kyrkje med tenlege lokale til ulike samlingar. Mykje av kyrkjelydsarbeidet går føre seg her. Kyrkjestaben elles er: Prest, kyrkjemusikar, sekretær, trusopplærings-medarbeidarar og kyrkjetenar. Dei fleste i deltidsstillingar.’
ANSVARSOMRÅDE
• Leia kyrkjekontoret
• Vera sekretær og sakshandsamar for kyrkjestyre og sokneråd.
• Vera dagleg leiar for soknet sine tilsette og ha ansvar for HMS.
• Vera arbeidsgjevaren sin repr. i møte med tilsette og fagforeiningar.
• Vera økonomiansvarleg inkl. budsjett- og rekneskapsarbeid. (Samarbeid med kommunen sitt rekneskapskontor)
• Ha ansvar for gravplass og gravplass-drift. (Med tilsette under kommunal leiing.)
• Ha ansvar for kyrkjebygg og soknet sine eigedomar inkl. tilsyn, vedlikehaldsarbeid og brannvern.
• Ha jamleg kontakt med kommuneleiinga.
Sjå nærare stillingsomtale på www.samnanger.kyrkja.no / link her
KVALIFIKASJONAR
• Relevant utdanning (Gjerne frå høgskule /universitet)
• Relevant erfaring (Gjerne leiarerfaring el. frå økonomiarbeid.)
• Datakunnskap og gode språklege evner (Tenestemålet er nynorsk)
• Økonomi-kunnskap
• Engasjement for kyrkja sitt arbeid og kunnskap om kyrkja si rolle
• Medlemskap i DNK
PERSONLEGE EIGENSKAPAR
• Gode leiarevner – evner til å motivera og byggja lag
• Evne til å organisera , fullføra arbeidsoppgåver, jobba sjølvstendig og nytenkjande.
• Tillitsskapande evner / gode samarbeidsevner.
ME TILBYR
• Triveleg arbeidsmiljø
• Varierte arbeidsoppgåver
• Nødvendig opplæring og hjelp
• Løn etter avtale. (Jmf. HTA for DNK Kap.3. Pkt.3.4.1)
• Pensjonsordning i KLP
OM SØKNADEN
Søknadsfrist 20. april 2023 Send søknad med CV og minst to referansar til: post@samnanger.kyrkja.no
For spørsmål, kontakt kyrkjeverje Britt Haukanes på tlf. 40 04 92 41
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver: Samnanger kyrkjelyd
Adresse: Hagabakkane 1, 5650 Tysse
Hjemmeside: https://www.samnanger.kyrkja.no
Om stillingen
Stillingstittel: KYRKJEVERJE/ DAGLEG LEIAR
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Vikariat
Heltid/deltid: Deltid
Sektor: Offentlig
Søk på jobben
Søknadsfrist: 20.04.2023
Send søknad til: post@samnanger.kyrkja.no