Lærar i medieproduksjon og informasjonsteknologi
Arna vidaregående skule ligg Bergen kommune i Arna bydel. Arna vidaregåande skule er ein tradisjonsrik og moderne skule med omlag 300 elevar fordelt på fire utdanningsprogram. Skulen held til på idylliske Garnes, med fjordutsikt mot Knarvik og Osterøy. Skulen vart rehabiltert i 2018 og framstår som heilt ny.
Hausten 2023 innfører Arna vidaregåande skule utdanningsprogrammet medieproduksjon og informasjonsteknologi.
Utdanningsprogrammet er starten på ei opplæring der elevane seinare kan arbeide som it-driftsteknikar, it-utviklar, mediedesignar, medieteknikar eller medieprodusent.
Vi ynskjer å knytte til oss ein person i 100% fast stilling.
Den som blir tilsett vil saman med gode kolleger på medieavdelinga bli med på å forme dette nye utdanningstilbodet.
Søknadsfrist: 15.04.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Lærar i medieproduksjon og informasjonsteknologi
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4642896126
Arbeidsoppgåver
- Undervise i utdanningsprogrammet medieproduksjon og informasjonsteknologi
- Lære elevane om brukarstøtte, nettverk, it-tryggleik og programmering
- Lære elevane om it-løysingar , lære dei om innhaldsdesign (UX og IU)
- Implementere og utvikle denne nye utdanningsretninga
- Funksjon som kontaktlærar kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan informasjonsteknologi
- Kunne utvikle it-løysingar
- Erfaring med interaksjonsdesign og interaktive medium
- Kompetanse innan drift og datatryggleik
- Gjerne erfaring med å gi brukarstøtte og it-service
- Bransje- eller undervisningserfaring er ein fordel
- Interesse for teknologi
- Kompetanse og gjerne erfaring med systemutvikling, programmering og databasar
- Godkjend pedagogisk utdanning. Eventuelt bli tilsett på vilkår dersom ein ikkje har pedagogisk utdanning
Personlege eigenskapar
- Forstår at elevane er ulike, og at dei er i ein utviklingsprosess både fagleg og sosialt
- Samarbeider lett med elevar, medarbeidarar og føresette
- Oppdaterer seg fagleg etterkvart som mediefaga og datateknologien endrar seg.
Vi tilbyr
- Godt samarbeid med hyggelege elevar og kolleger på ein liten skule.
- Stor grad av fridom til å forme opplæringa i det nye utdanningsprogrammet
- Tilsetjing på fylkeskommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Svein Arne Nybø
ass. rektor
Telefon:90266798
Om arbeidsgivaren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.