Driftsoperatør Førde vidaregåande skule (søknadsfrist 30.04.2023)
Driftsoperatør Førde vidaregåande skule
Vestland fylkeskommune(VLFK) har ansvar for å utvikle Vestlandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 800.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt ca. 380 tilsette. Av desse er ca. 40 tilsette ved kontoret i Bergen.
Det er ledig ny fast 100 % stilling som driftsleiar ved Førde vidaregåande skule. Driftsleiar vil rapportere til områdeleiar. Den som vert tilsett får opplæring i drift og vedlikehald av dei tekniske anlegga ved Førde vidaregåande skule.
- Søknadsfrist: 30.04.2023
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Stad: Førde
- Stillingstittel: Driftsoperatør
- Stillingar: 1
- Heiltid / Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4648086777
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av bygg, tekniske installasjonar og utomhusanlegg.
- Følgje opp mindre bygge- og rehabiliteringsprosjekt.
- Vera byggeigar sin representant på bygget ved innkjøpte tenester tinga av Eigedomsseksjonen.
- Utføre mindre serviceoppgåver opp mot bruker etter retningslinjer gitt frå Eigedomsavdelinga.
- Andre oppgåver knytt til drifta.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev med erfaring, fortrinnsvis som røyrleggjar, elektrikar, mekanikar, automatikar eller anna relevant erfaring innan bygningsdrift.
- Kunnskap om tekniske installasjonar og bruk av SD-anlegg.
- Kunnskap om internkontroll innan brann, elektro, tekniske installasjonar, HMT og ytre miljø.
- Praktisk yrkeserfaring.
Personlege eigenskapar
- Gode evner til kommunikasjon, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt.
- Ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre i fylkesadministrasjonen.
- God datakunnskap og kjennskap til databaserte styringsverktøy.
Vi tilbyr
- Spanande oppgåver i eit tverrfaglig miljø
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Gode moglegheiter for faglig utvikling
- Gode pensjonsordningar.
- Løn etter avtale
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste
Adresse:Naustdalsvegen 12, 6800 Førde, Norge
Kontaktinformasjon
Nils Endre Grønås
seksjonssjef
Telefon:98210310