Byggesakshandsamar

 

 

Vi har ledig fast stilling som byggesakshandsamar på plan- og bygningsavdelinga.

Avdelinga er ein del av teknisk etat og har tilsaman 7 stillingsheimlar. Vi har oppgåver innanfor for plan, GIS, oppmåling, handsaming av byggesøknadar, tilsyn, miljø, rettleiing m.m. Du vil bli inkludert i ein etat med engasjerte og høgt kvalifiserte medarbeidarar, der dørstokken manglar og takhøgda er stor.

 

  • Søknadsfrist: 01.06.2023
  • Arbeidsgivar: Teknisk etat
  • Stad: Ulsteinvik
  • Stillingstittel: Byggesakshandsamar
  • Stillingar: 1
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4660339668

 

Arbeidsoppgåver

  • Handsaming av saker etter plan- og bygningslova og andre saker innanfor eininga sine fagområde
  • Tilsyn og oppfølging av plan- og byggesaker
  • Matrikkelføring
  • Samarbeid og kompetanseutveksling med etaten sine fagavdelingar og andre etatar i kommunen
  • Bidra til innovasjon og digitalisering av tenester og arbeidsprosessar der data om bustad og eigedom inngår
  • Rådgjeving og rettleiing av føretak og innbyggarar
  • Andre arbeidsoppgåver ved eininga kan bli lagt til stillinga

 

Ønska kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan relevant fagområde
  • Relevant yrkeserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Juridisk eller byggteknisk kompetanse vil vere eit fortrinn
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, målforma er nynorsk
  • God forståelse for, og erfaring med kart og digitale verkty

 

Vi søke etter DEG som

  • er strukturert og god til å prioritere arbeidsoppgaver
  • kan arbeide sjølvstendig, har tæl og bidreg der det trengst
  • setter deg raskt inn i nye problemstillingar og leverer under tidspress
  • er løysningsorientert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er positiv, har godt humør og er interessert i å bidra til kommunen si utvikling

Personlege eigenskapar vil bli vurdert spesielt og utgjer ein viktig faktor ved tilsetting

 

Vi tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø med gode vilkår for fleksibilitet og utvikling med formål å gi ei bedre og meir effektiv teneste.
Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP
Stillinga vert plassert i kap 4 eller 5 i HTA ut i frå formell kompetanse. Stillingskode og lønsplassering vert fastsett ved tilsetting.

Tilsetting i samsvar med gjeldande forskrift, lov- og avtaleverk.
Søkjarane vert vurderte ut frå ei heilskapsvurdering.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju.

 

Dokumentasjon

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

 

Rådhuset, Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Anita Sundnes
Leiar for plan- og bygningsavdelinga
 Telefon:+47 41201455

Arne Runar Vik
kommunalsjef teknisk
 Telefon:41582440

 

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

Del stillingen

Selskap

Ulstein kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Marit Botnen
  • Tittel: Kommunalsjef helse og omsorg
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 908 41 932

Lokasjon

  • Ulsteinvik

Søknadsfrist

Januar 22, 2023