Ungdomsleiar i Os sokn

 

 

Vi søker ein engasjert og erfaren ungdomsleiar som kan drive og vidareutvikle vårt ungdomsarbeid. Dette er i utgangspunktet eit vikariat fram til sommaren 2024, med gode moglegheiter for forlenging til fast stilling.

Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd består av dei to sokna Os og Fusa. I Os bur det litt meir enn 20 000 innbyggjarar og kyrkjelyden har 2 kyrkjer, i tillegg til eit stort kyrkjelydshus i Os sentrum, Tunet kyrkje- og kultursenter. Os ligg om lag 3 mil frå Bergen, med godt kollektivsamband til og frå sentrum.

Os er i rask vekst med store barne- og ungdomskull. Årleg konfirmantkull er på rundt 160 ungdommar. Kyrkjelyden har eit levande ungdomsarbeid. Kyrkjelyden har ulike tilbod for og med unge, som Tensing-kor og fredagskveldar med opent hus, leirhelgar og tett samarbeid med m.a. Ungdoms-KRIK. Konfirmanttilbodet er samordna med det eksisterande ungdomsarbeidet.

I denne jobben vil du bli kjent med ei fantastisk ungdomsgruppe, i tillegg til dyktige medarbeidarar i stab og ei engasjert foreldregruppe. Du får handlingsrom og beslutningsansvar som gjer at du både får fridom og ansvar for å ivareta og utvikle heilskapen i tilbodet for ungdom. Du er i tillegg del av teamet kring konfirmantane og større arrangement som den årlege julemessa, der overskotet går til barne- og ungdomsarbeid. Det må påreknast ein del kveldsarbeid (fyrst og fremst onsdag og fredag) og noko helgearbeid.

 

  • Søknadsfrist: 11.06.2023
  • Arbeidsgivar: Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
  • Stad: Os
  • Stillingstittel: Ungdomsleiar i Os sokn
  • Stillingar: 1
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4671219801

 

Arbeidsoppgåver

  • Formidling av kristen tru og soknet sin visjon «Nær Kristus, nær kvarandre, nær kvardagen» på ein engasjerande og livsnær måte til unge menneske
  • Relasjonsbygging med ei stor gruppe ungdommar, foreldre og frivillige medarbeidarar
  • Planlegging og gjennomføring av sosiale og trygge ungdomsarrangement, primært fredagar
  • Konfirmantarbeid i samarbeid med kateket, prest og øvrig stab, primært onsdagar
  • Leiing av TenSing-kor, primært onsdagar
  • Program for leiartrening i samarbeid med ansvarleg prest
  • Rekruttere, følgje opp og rettleie frivillige medarbeidarar i ungdomsarbeidet
  • Bruk av sosiale medier til marknadsføring av tiltak og arrangement

 

Ynskjelege kvalifikasjonar

  • Erfaring frå kristent ungdomsarbeid og/eller leiartrening for unge
  • Leiarerfaring er ein fordel
  • Erfaring frå musikkarbeid er ein fordel
  • Utdanning innan kristendom, teologi og/eller ungdomsarbeid

Ved tilsetjing legg vi stor vekt på personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga.

 

Personlege eigenskapar – vi ynskjer søkarar som:

  • Trivst og har erfaring med arbeid blant ungdom
  • Kommuniserer godt med både ungdom og vaksne
  • Har gode samarbeidsevner og likar å jobbe i effektive team
  • Er strukturert og sjølvstendig i arbeidskvardagen
  • Er medlem av Den norske kyrkja

Den som vert tilsett vil bli bede om å framlegga tilfredsstillande politiattest

Vi ynskjer eit mangfaldig kollegium i kyrkja og vil særskild oppmode menneske med ulike minoritetsperspektiv om å søke. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for dette.

 

Vi tilbyr

  • Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
  • Lønn etter avtale/kvalifikasjonar i samsvar med KA sin tariff
  • Spennande og allsidige arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstid
  • God pensjonsordning

Søknadsfrist: Snarast og innan 11.06.2023
Kandidatar vert fortløpande kalla inn til intervju.

 

Øyro 49, 5200 Os, Norge

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Sigurd Rotvik Tunestveit
Dagleg leiar Os sokn
 Telefon:93869009
E-post:st575@kyrkja.no

Del stillingen

Selskap

Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd

Kategorier

Kontaktinfo

  • Sigurd Rotvik Tunestveit
  • Tittel: Dagleg leiar Os sokn
  • E-Post: st575@kyrkja.no
  • Mobil/Tlf: 938 69 109
  • Hans Einar Markhus
  • Tittel: fung. kyrkjeverje Bjørnafjorden
  • E-Post: hm629@kyrkja.no
  • Mobil/Tlf: 959 36 580
  • Roar Hallesby Evjedal
  • Tittel: Sokneprest i Os
  • E-Post: re674@kyrkja.no
  • Mobil/Tlf: 93 44 19 68

Lokasjon

  • Os

Søknadsfrist

Mai 16, 2023