Samnanger kommune Barnevern
Me søkjer ein raus og audmjuk
Barnevernskonsulent
Vil du bli den nye kollegaen vår? Barneverntenesta i Samnanger ser etter deg som er raus og audmjuk, og som er motivert for å hjelpe og støtte barn og familiar i vanskelege livssituasjonar. Du kan bidra med å gi ein trygg og forsvarleg oppvekst, bygga opp eit omgjengeleg, dynamisk og fleksibelt ambulerande team, og stå i front i arbeidet med å bygga opp eit nytt barnevern i Samnanger kommune.
Med Barnevernreforma får kommunane eit auka fagleg ansvar, mellom anna gjennom eit heilskapleg ansvar for oppfølging og rettleiing av fosterheim. Vi har derfor ledig 100 % fast stilling som barnevernskonsulent i barneverntenesta, som er ei av tre stillingar i avdelinga.
Samnanger barnevern er ein arbeidsplass som utøver barnevernfagleg arbeid etter verdiane openheit, etterrettelegheit, audmjukskap, rausheit og omsorg i arbeidet for barn, unge og familiane deira. Barneverntenesta i Samnanger er organisert saman med PPT og NAV.
Målet er aktivt å fremje tverrfagleg samarbeid og levera godt førebyggande barne- og ungdomsarbeid. Barneverntenesta vektlegg eit nært samarbeid med andre tenester i kommunen til det beste for barn, unge og familiane deira. Vi er særleg opptekne av at barn og familiar blir involverte og har innverknad på tenester som er samordna og prega av kontinuitet.
Me ynskjer medarbeidarar som er framoverlente og som ynskjer å bidra til ei teneste som kan tilby rett hjelp til rett tid.
Arbeidsoppgåver
Sakshandsaming etter barnevernlova
Oppfølging og rettleiing av fosterheim
Oppfølging av barn som er plasserte
Samtalar med barn, foreldre, fosterforeldre og institusjonar
Gjennomføring av tverrfagleg samarbeidsmøte, referat og rapportskriving
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
Den som blir tilsett vil òg måtta møta som kommunen sin partsrepresentant i fylkesnemnda og det øvrige rettssystemet
Noko reiseverksemd og arbeid på ettermiddag og kveldstid må påreknast
Kvalifikasjonar
Krav:
3-årig sosialfagleg utdanning som barnevernpedagog eller sosionom, eller annan relevant 3-årig sosialfagleg utdanning
Minst 2 års erfaring frå sakshandsaming i kommunal barnevernsteneste
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Førarkort klasse B
Gyldig politiattest blir kravd ved tilsetting, i tråd med føresegn til barnevernlova § 6-10
Ynskjer:
Erfaring med rettleiing av fosterforeldre
Kompetanse og erfaring innan ulike foreldrerettleiingssprogram; PMTO, COS I, traumesensitiv omsorg, etc.
Personlege eigenskapar
Raus, audmjuk og omgjengeleg i møte med barn og familiane deira, kollegaer og samarbeidspartnarar
Gode kommunikasjonsevner som skaper tryggleik og tillit hjå brukarane
Evne til å arbeida planmessig og strukturert
Evne til å jobba sjølvstendig
Me tilbyr
Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
Eit utviklingsorientert, positivt og endringsretta arbeidsmiljø
Fagutvikling og kompetansepåfyll på fleire ulike område
Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
Fleksible arbeidstidsordningar
Gode velferdsordningar
Barnehageplass for tilsette sine born
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Send søknad på stillingen her.
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 30.10.2022
Tiltreding: Snarast
Kontaktpersonar:
Carolina Mercadal
mob: +47 982 86 727
Heimeside:
/www.samnanger.kommune.no/innhald/helse-sosial-og-omsorg/barnevernteneste/
Adresse: Tyssevegen 217 5650 TYSSE
Samnanger kommune Barnevern
Samnanger kommune ligg mellom Bergen og Hardanger og er ei naturperle som inviterer deg til inspirasjon både på fjorden og i fjellet. Med våre 2 503 innbyggjarar har me èin barneskule, èin ungdomsskule, to kommunale barnehagar og èin privat. Samnanger har òg ny sjukeheim, nytt senter for funksjonshemma og nytt bibliotek. Kommunehuset i Samnanger ligg mellom 20 og 50 minuttar frå sentrum i kommunane Bergen, Bjørnafjorden, Vaksdal, Osterøy, Kvam og Alver.