Prosjektleiar bygg og infrastruktur 100 % fast stilling
Vang kommune har ledig fast stilling som prosjektleiar for bygg og infrastruktur.
Målet med stillinga er å auke kapasiteten innan prosjektgjennomføring, få omsett investeringsmidlar og realisere verdien i pågåande og planlagde prosjekt. For å styrke kompetanse og utfylle vårt fagmiljø, søker vi difor etter ein person med kompetanse og erfaring innan prosjektleiing.
Stillinga høyrer heime i Landbruk og teknisk etat, der du blir ein del av et breitt fagleg kvalifisert og godt sosialt miljø.
For meir info om etaten, sjå: www.vang.kommune.no/tenester/landbruk-og-teknisk/
Søknadsfrist: 06.08.2023
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: Vang i Valdres
Stillingstittel: Prosjektleiar bygg og infrastruktur – 100 % fast stilling
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4679777526
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva vil vere å få satt vedtekne planar innan utvikling, drift- og vedlikehald ut i live, følgje opp kontraktar med entreprenørar, utvikle prosjektplanar, ivareta framdrift på prosjekta og rapportere på framdrift og økonomi.
Prosjektleiar med ansvar for prosjektgjennomføring i kommunen er organisert under kommunalsjef for landbruk og teknisk, og skal arbeide tett med arealplanleggjarar, leiar for vatn og avløp, samt leiar for drift og vedlikehald av kommunale bygg og vegar.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, gjerne som ingeniør eller sivilingeniør
- Prosjektleiarkompetanse
- God erfaring kan kompensere for manglande formalutdanning
- Ønskelig med erfaring frå offentlege anskaffingsprosessar og byggeleiing
- Det er en fordel om du har kjennskap til Lov om offentleg anskaffing og offentleg forvaltning
- Gode IT-kunnskapar
- Kjennskap til kommunalt planarbeid
- Søkjar må ha førarkort klasse B og disponera bil
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- God gjennomføringsevne
- Resultatorientert
- Evne til å sjå saker i samanheng
- God framstillings- og formidlingsevne skriftleg og munnleg
- Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
Vi tilbyr
- En allsidig, krevjande og spennande jobb
- Moglegheit til å være med på å vidareutvikle ein spanande kommune
- Gode kollegaer, godt faglig og sosialt arbeidsmiljø
- Lønn etter kvalifikasjonar og etter kommunens løns- og stillingsregulativ
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, Norge
Kontaktinformasjon
Morten J Johansen
Kommunalsjef Landbruk og teknisk
Telefon:97622524
E-post:Morten.Johan.Johansen@vang.kommune.no
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.