Rådgjevar – Tilsyn og oppfølging av tiltak og spreidd avløp – 100 % fast stilling – 2.gongs lysing
Vang kommune skal auke fokus på tilsyn og oppfølging av tiltak både etter plan- og bygningsloven og forurensningsloven. Kommunen har ei plikt til å forfølge ulovlege tiltak og spreidde avløp. Arbeidet er ressurskrevjande og kommunen har behov for å styrke administrasjonen på dette området og har no oppretta denne stillinga til dette formålet.
Etat for landbruk og teknisk er på jakt etter ein person som vil ha hovudansvaret for tilsyn og oppfølging av tiltak samt spreidde avløp. Som tilsett i etat for landbruk og teknisk vil du bli del av et breitt fagleg kvalifisert og godt sosialt miljø.
- Søknadsfrist: 06.08.2023
- Arbeidsgivar: Vang Kommune
- Stad: VANG I VALDRES
- Stillingstittel: Rådgjevar – Tilsyn og oppfølging av tiltak og spreidd avløp – 100 % fast stilling
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4672325798
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling etter bla plan- og bygningsloven og forurensningsloven
- Oppfølging og kontroll av ulovlege tiltak
- Tilsyn med spreidd avløp
- Rettleiing til publikum, tiltakshavar, ansvarshavande og naboar
- Kontakt med publikum og offentlege instansar
- Førebu saker til politisk behandling
- Arbeidsoppgåver kan bli noko endra etter nytilsett sine kvalifikasjonar/interessefelt
Kvalifikasjonar
- Fullført relevant utdanning på universitet- eller høgskulenivå (bachelor/master), til dømes innan juss eller ingeniørkompetanse
- Relevant og lang praksis kan erstatte manglande formell utdanning
- Gode norskkunnskapar; munnleg og skriftleg, med god framstillingsevne
- God forvaltningsrettsleg kompetanse
- Søkjar må ha førarkort klasse B og disponera bil
- Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt
Personlege eigenskapar
- Har vilje til å tileigne seg ny kunnskap
- Stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide strukturert
- Serviceinnstilt, kvalitetsbevisst og løysingsorientert
- Godt humør
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande stilling
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Høve til å vidareutvikle kommunen
- Konkurransedyktig løn
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksitid
Tyinvegen 5151, 2975 VANG I VALDRES, Norge
Kontaktinformasjon
Morten J Johansen
Kommunalsjef Landbruk og teknisk
Telefon:97622524
E-post:Morten.Johan.Johansen@vang.kommune.no
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.