Undervisningsstilling innan Teknologi- og industrifag

 

FUS – Avd. RM og TIF, Vestland fylkeskommune

Om stillinga

Fusa Vidaregåande skule tilbyr: Studiespesialisering kunst, design og arkitektur og 4 yrkesfaglege
utdanningsprogram; helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, naturbruk og restaurant- og matfag. I tillegg har vi tilbod innan TAF og HTH/HTA. Skulen har om lag 300 elevar og 50 tilsette. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for å kunna gje ei relevant opplæring. Sjå skulen si heimeside https://www.fusa.vgs.no/ og skulen sin film https://youtu.be/37e8hMyhHnA

Fusa vidaregåande skule legg stor vekt på trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møta
eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Ut i frå ulike føresetnader vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar, og får tileigna seg relevant fagkunnskap.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 31.08.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Undervisningsstilling innan Teknologi- og industrifag
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4669898709

Arbeidsoppgåver

  • Fast stilling som lærar innan Teknologi- og industrifag, med særskilt behov for kompetanse innan CNC-maskinering.
  • Stillinga innebær undervisning i klasserom og i skulen sitt verkstad, samt oppfølging av elevar i bedrift.
  • Det kan vere aktuelt å kombinera denne stillinga med undervisning i andre fag ved skulen, ut frå våre behov og søkjar sin kompetanse.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent yrkesfaglærarutdanning og/eller fagbrev, fortrinnsvis innan CNC-maskinering og/eller høgare utdanning innan fagområdet.
  • Det er ønskelig med praktisk erfaring frå fagområdet.
  • Til alle stillingar er det krav om fagleg og pedagogisk kompetanse. Dersom ein ikkje oppfyller kravet om pedagogisk kompetanse, vil skulen legge til rette for utvikling av formell pedagogisk kompetanse.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God digital kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Du har mål om å vere ein trygg og tydeleg klasseleiar, med evne til å skapa gode relasjonar til elevane
  • Du arbeider sjølvstendig og nøyaktig, og deltek aktivt i eit profesjonsfellesskap
  • Du har gode evner til samarbeid, og kommuniserer godt både med elevar, tilsette og føresette
  • Du samarbeider godt med eksterne fagmiljø for å utvikla gode undervisingstilbod og synleggjera skulen
  • Du er løysingsorientert og har evne til omstilling
  • Du er utviklingsorientert og tek medansvar for å utvikla faggruppa
  • Du har ei pedagogisk forståing i tråd med skulen sitt elevsyn

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande profesjonsfellesskap
  • Nært samarbeid med kollegaer
  • God delingskultur, positiv innstilling og godt humør
  • Ein arbeidsplass som ligg i rolege og fine omgjevnader
  • Løn og løsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

Søk på stillingen her.

 

Kontaktinformasjon

Haldis Gjøen Solvang, ass. rektor

 

Om arbeidsgivaren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Klikk på aktuell stilling for mer informasjon
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf:

Lokasjon

  • Eikelandsosen

Søknadsfrist

Juni 11, 2023