Undervisningsstilling dekksoffiserutdanning Fagskulen Vestland.
Med over 1700 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 170 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning, og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet. Skulen utviklar også utdanningar innan omgrepet Industri 4.0, og har moderne utstyr/simulatorar som nyttast i undervisninga.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
- Søknadsfrist: 12.09.2023
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Stad: Bergen
- Stillingstittel: Undervisningsstilling dekksoffiserutdanning
- Stillingar: 2
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4699000336
Arbeidsoppgåver
Undervsining innan nautiske fag og brosimulatorar. Undervisninga skjer ved skulen sin studiestad på Nedre Nygård. Ved behov kan det og bli undervisning ved skulen sin studiestad i Austevoll.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg kompetanse, jmfr Lov om høyere yrkesfaglig utdanning.
For søkjarar som ikkje har godkjend pedagogisk kompetanse, legg skulen til rette for slik opplæring kan gjennomførast samstundes med undervisningstillinga.
Alle nytilsetjingar i Vetsland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på seks månader.
Kvalifikasjonar
- Dekksoffisersutdanning på UH nivå med bachelorgrad.
- Dekksoffisersutdanning frå maritim fagskule.
- Dekksoffisersertifikat D2 eller høgare.
- Pedagogisk kompetanse er ønskeleg.
- God kunnskap innan IKT
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Ansvarsbevisst
- Entusiastisk
- Gode formidlingsevner
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Konkurransedyktige lønsvilkår.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Fleksibel arbeidstid.
- Etter- og vidareutdanning iht. myndigheter sine krav for maritimt undervisningspersonale.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2.ledd kan opplysningar om søkjarenverte offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand om søkjerlista vert offentleggjort.
Haugeveien 28, 5005 Bergen, Norge
Kontaktinformasjon
Håvard Endre Waage
avdelingsleiar
Telefon:92482123
Jaap Hofmeester
Utdanningsleiar Nygård
Telefon:41295101
E-post:jaap.hofmeester@vlfk.no
Håvard Endre Waage
Utdanningsleiar Austevoll
Telefon:92482123
E-post:havard.endre.waage@vlfk.no
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.