ID 866 Einingsleiar med tilleggsfunksjon som helserådgjevar og stedfortredar, 100 % fast stilling

 

 

 

Fitjar kommune søkjer ein einingsleiar for helsespesialistane som er nytenkjande og orientert mot moglegheiter, som og fungerer som helserådgjevar og stedfortredar for etatsjef helse- og omsorg frå 01.10.2023.

 

Helse, sosial og omsorgsetaten er i positiv utvikling og me har spanande tider der me set retning for framtida sine helse- og omsorgstenester. I 2022 vart ny helse og omsorgsplan vedteke i kommunestyret. Som einingsleiar og helserådgjevar vil du vera sentral i utvikling av og oppfølging av denne og andre planverk, samstundes som du vil ha eit ansvar for å utvikla eit godt totaltilbod i eininga for helsespesialistane. I eininga for helsespesialistane inngår fysio- og ergoterapeut-, psykisk helse- og legetenesta. Eininga har tilsaman 9 årsverk.

Me vil leggja stor vekt på dine leiareigenskapar og kommunikasjonsevner. God økonomiforståing, overblikk og evne til å handtere både strategiske og operative utfordringar vil være ein styrke i stillinga. Stillinga rapporterer til etatsjef, og inngår både leiargruppa i Helse, sosial og omsorg samt Leiarforum.

 

Føremål med stillinga er:

Saman med etatsjef helse og omsorg delta i oppfølginga av målsetjingane for organisasjonen gjennom:

  • Arbeid med budsjett og handlingsprogram, samt oppfølging av politiske vedtak
  • Hjelpe med oversikt over planar, ansvar for oppdatering av desse, samt internkontroll
  • Delta i beredskap og beredskapsarbeid
  • Utøva eit godt medarbeidarskap i samsvar med gjeldande retningslinjer gjevne av kommunen og avtaleverket elles

 

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna ansvar for leiing, økonomi, fag og personal for eininga for helsespesialistane
  • Stedfortredar for etatsjef
  • Følgje opp folkehelsearbeid
  • Følgje opp ulike kartleggingar og rapporteringar
  • Ansvar for ulike driftsområde og rapporteringar t.d tilskot legar, fysioterapeutar
  • Søkje om statlege tilskots midlar til prosjekt som går på styrking og prioriterte område i drifta
  • Ansvar for KOSTRA rapportering på sektoren
  • Vederlagsberekning

 

Kvalifikasjonar:

  • Relevant helsefagleg høgskuleutdanning på minimum bachelor nivå og leiarutdanning. Lang relevant realkompetanse innan leiing kan kompensera for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå helse- og omsorgssektoren, med kjennskap til relevante lovverk og økonomistyring
  • Målretta, strukturert og ryddig, initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, høg relasjonskompetanse, og gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt ved tilsetjing.

 

Me kan tilby:

  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • Ei stilling med stor fridom og varierte oppgåver
  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • God offentleg pensjonsordning
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA -verksemd).

 

For nærare informasjon om stillinga ta kontakt med etatsjef helse og omsorg, Anne Økland på tlf.nr 90 98 69 71.

Tilsetjing skjer etter ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknadsfrist: 29.09.2023

Send søknad og CV elektronisk via vårt søknadssystem ved å klikke her

Del stillingen

Selskap

Fitjar kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Anne Økland
  • Tittel: Etasjef for helse og omsorg
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: telefon 909 86 971
  • Janett Sofie Svendsen
  • Tittel: Einingsleiar for legetenesta
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: telefon 906 37 805

Lokasjon

  • Fitjar

Søknadsfrist

April 30, 2022