3 stillingar à 100% som helsefagarbeidar ved Tenester for funskjonshemma, Kinsarvik

 

Me har ledig 3 x 100% vakante stillingar ved Bråto bufellesskap i Kinsarvik. Stillingane har turnus med langvakter og arbeid kvar 4.helg og lengre friperiodar.

Me søkjer primært etter helsefagarbeidar,barne ungdomsarbeider,men andre vert og vurdert.

Bråto bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Me har avlastningstilbod, og me driftar bruktbutikken Gjenbruksdraumar i lag med brukarane våre.

Vår målsetting er å leggje til rette for at tenestemottakarane skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.

Me yter tilrettelagde tenester med god kvalitet og legg til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.

Hovedarbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid
  • Legemiddelhandtering
  • Varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver.
  • Yte tenester etter gjeldande vedtak
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • samarbeide med pårørande

Me ser etter deg som

  • kan arbeide sjølvstendig og i team
  • har gode samarbeidsevner
  • er fleksibel og positiv til endringar
  • trivest med å vere i fysisk aktivitet
  • kreativ og kan aktivisere brukarane
  • Erfaring frå målretta miljøarbeid og interesse for faget og målgruppa vert tillagt stor vekt. Du må vere personleg skikka til stillinga.
  • Du må ha grunnleggande datakunnskap og meistre norsk skriftleg og munnleg

Me kan tilby

  • Ein spennande og lærerik jobb
  • Opplæring og rettleiing
  • Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår
  • Det vert gjort krav om politiattest før tilsetting

 

Søk på stillingen her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Skift/turnus

 

Søknadsfrist: 24.09.2023

 

Arbeidsstad: Kinsarvik

 

Kontaktpersonar:

Therese Bakke

mob: +47 90408273

 

Heimeside:
ullensvang.kommune.no
Adresse: Opheimsgata 31 5750 Odda

Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

 

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Liv Helen Mårstig
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 48102374

Lokasjon

  • Odda

Søknadsfrist

Mars 19, 2023