Er du kokk med leiarerfaring og engasjert i matomsorg?

 

Om stillinga

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar. I tillegg til Osterøytunet sine bebuarar, server kjøkkenet også bufellesskap, heimebuande eldre og nokre dagsenter. Kjøkkenet har også sal av mat til lag, organisasjonar og andre kundar på Osterøy. Avdelinga har totalt 3,2 årsverk fordelt på leiar og tre andre tilsette. Kjøkkenet produserar etter kok/kjøl og sous vide- metodar. Vi pakkar porsjonsmiddagar til heimebuande og leverar tørrmat til avdelingar på Osterøytunet + Hauge bufellesskap.

Osterøytunet har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar for kjøkkenet frå 01.08.24. Noværande avdelingsleiar går av med pensjon første september i år.

 

Kven søkjer vi etter?

Vi søkjer etter deg som er engasjert i matomsorg, er positiv og har godt humør. Du må like å samarbeide, ha gode kommunikasjonsevner og være løysingsorientert. Du kan takla ein kvardag med høgt tempo med mange ulike oppgåver. Me ser etter ein framtidsretta leiar som vil sjå moglegheit for vidareutvikling av ansvarsområdet i tråd med forskningsbasert kunnskap.

 

Vi tilbyr deg

God opplæring
Godt samarbeid med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer som har jobba lenge på kjøkkenet
Eit godt arbeidsmiljø
Arbeidstid vekedagar 07-15.
Løn jmfr HTA kap.4 for leiar.
Gode pensjons- og forsikringsvilkår

 

Arbeidsoppgåver

Leiar for kjøkken med ansvar for dagleg drift, personal og økonomi:

  • innkjøp, varekontroll, samt leveranse til avdelingar og eksterne kundar
  • internkontroll
  • planlegging av produksjon
  • arbeidsplan for tilsette
  • fakturering og budsjettarbeid
  • kontakt med avdelingar, heimetenester og andre kundar
  • praktisk arbeid på kjøkkenet er ein viktig del av arbeidsdagen

Velkommen til Osterøy kommune

 

Kvalifikasjonar

Du har:

  • Fagbrev som kokk og erfaring som leiar (personal, drift, økonomi) ( er eit krav)
  • Kunnskap om norske mattradisjonar og ernæring til eldre
  • Grunnleggjande datakunnskap og beherska norsk munnleg og skriftleg
  • Godt kjend med IK-Mat og HACCP

 

Om oss

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.

 

Spørsmål om stillinga

Jan Roald Hanstvedt
Avdelingsleiar Osterøytunet storkjøkken
56192508
jan-roald.hanstvedt@osteroy.kommune.no

 

 

Søk stillinga

 

 

  • Søknadsfrist: 10. mars 2024
  • Arbeidsgivar: Osterøy kommune
  • Kommune: Osterøy
  • Omfang: Heiltid
  • Varigheit: Fast
  • Arbeidsstad: Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen

Del stillingen

Selskap

Osterøy kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Jan Roald Hanstvedt
  • Tittel: Avdelingsleiar Osterøytunet storkjøkken
  • E-Post: jan-roald.hanstvedt@osteroy.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 56192508

Lokasjon

  • Valestrandsfossen

Søknadsfrist

Mars 10, 2024