Diakon

 

Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Om stillinga

Storfjorden kyrkjelege fellesråd satsar på diakoni og har ledig ei 3 årig 80-100 % prosjektstilling som diakon / diakonimedarbeidar, med mål om fast stilling.
Vi ser etter deg som vil vere med å utforme diakonitenesta i fjordbygdene våre, skape møteplassar mellom menneske for fellesskap og integrering. Kommuniserer godt med ungdom og kunne nytte pilegrimsleia og verdsarvområdet til aktivitetar og fellesskap på tvers av bygder, folk, etnisitet, alder og bakgrunn.

Storfjorden kyrkjelege fellesråd har si verksemd i to kommunar, Stranda og Fjord, med 6 sokn og 7 kyrkjer. Storfjorden på Sunnmøre er kjend for den ville og flotte naturen, dei mange historiske fjellgardane, lokalsamfunn med varierte aktivitetar og merkevarer, turisme og den kjende turistbygda Geiranger, ski- og alpinanlegg både i Stordal og Stranda, fjelløp, fotturar og fritidsaktivitar, produksjon av både kjøtt og fisk og møblar og tenester for alle. Området har både verdsarvstatus på Unescos liste og historisk pilegrimslei mot Nidaros. Alle bygdene og sokna har sitt særpreg, og innbyggjarane bidreg med stort engasjement og frivillig arbeid. Storfjorden kyrkjelege fellesråd har tilsaman omlag 7000 innbyggjarar, om lag 10,5 årsverk fordelte på 18 personar i fellesrådet, og 3 prestar. Fellesrådet sitt hovudkontor ligg i Stranda.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 09.07.2023
Arbeidsgivar: Storfjorden kyrkjelege fellesråd
Stad: Stranda
Stillingstittel: Diakon
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Prosjekt
Stillingsprosent: 80
Webcruiter-ID: 4679961069

Arbeidsoppgåver

Fokusområder for diakonen:

Oppgåver som er nedfelt i tenesteordning for diakonar i Den norske kyrkje og etter diakoniplanen
Aktivitetar og besøksteneste for eldre som bur heime og som bur på institusjonar
Ungdomsdiakoni som kan dekkje både dei unge sine overgangar mellom skuletrinn, samt ha fokus på dei som slit med utanforskap, psykisk helse og rus.
Integrering av utanlandsk arbeidskraft og flyktningar.
Koordinering, oppfølging og rekruttering av frivillige medarbeidarar
Aktivitetar som omfattar Valldalleia (pilegrimsleia) og Verdsarvområdet.
Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester med diakonien i fokus, og andre aktuelle temaer.

Kvalifikasjonar

Godkjent utdanning som diakon
Erfaring med frivillige medarbeidarar
Erfaring med å bruke sosiale medier
Personlege eigenskaper vert vektlagt
Diakonistudentar og andre med relevant utdanning eller yrkeserfaring oppfordrast også til å søke. Dersom studiekrav ennå ikkje er oppfylt kan det inngås avtale om ein progresjon for å gjennomføre utdanning etter kvalifikasjonskrav for diakonar med mål om vigsling.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein person som:

Er sjølvstendig og samtidig kan jobbe i team
Har gode formidlings- og kommunikasjonsevner
Er initiativrik og kontaktskapande
Kan jobbe med inkludering av innvandra arbeidarar og flyktningar
Villig å bygge nettverk på tvers av aldersgrupper og bygdelag
Ønskjer å sjå og motivere andre
Kan koordinere diakoniarbeidet og samarbeide med frivillige i fleire bygder
Ønskjer å hjelpe dei unge i bygdene.
Vil jobbe med prosjekter som utviklar diakonien i fellesrådet sitt område.
Med fordel er glad i natur og friluft, og kan implementere bærekraftmåla i diakonien
Vil nytte pilegrimsarbeid og opa kyrkje som verktøy

Vi tilbyr

Prosjektstilling over 3 år med høve for fast tilsetting.
Ein triveleg arbeidsplass med 18 engasjerte og dedikerte medarbeidarar, varierte arbeidsoppgåver og gode høve for utvikling
Løn etter kvalifikasjonar og etter tariffavtale for Hovedorganisasjonen KA området, pensjonsordning i KLP

Andre ting:

Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja
Tilfredsstillande politiattest må framleggas ved tilsetting, jf. trussamfunnslova § 20 e
Det må påreknast noko arbeid på kveldstid og helgar, samt helligdagar.
Søkjar må beherske norsk muntleg og skriftleg
Ha førarkort og disponere eigen bil

 

Søk på stillingen her.

 

Adresse:Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda, Norge

Kontaktinformasjon

Petra Riste Synnes, Kyrkjeverje
Telefon:+47 91519869

 

Del stillingen

Selskap

Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Kategorier

Kontaktinfo

  • Petra Riste Synnes
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 915 19 869

Lokasjon

  • Stranda

Søknadsfrist

Juni 20, 2024