PP-rådgivar

100 % fast stilling frå 1.12.2023

Ein av våre tilsette går av med pensjon og vi treng derfor å styrke laga med ein ny medarbeidar. Vi ønsker ein medarbeidar med spesiell interesse for, og kompetanse innanfor områda, språkutvikling og lese- og skrivevanskar.

Om arbeidsgivaren

PPT og OT nedre Hallingdal IKS er ein interkommunal PP-teneste for kommunane Hemsedal, Gol, Nesbyen, Hol og Flå. Vi er òg Viken fylkeskommunes PP-teneste og Oppfølgingstjeneste for Hallingdalregionen. Vi har lokale i Gol sentrum. Det er 14,6 fagstillingar inkl. leiarressurs og kontorstøtte i selskapet.

Vår verdiplattform er at tenesta skal vere tilgjengelege, helhetstenkende, profesjonelle og fagleg kompetente.

Arbeidsoppgåver

  • Som PP-rådgivar vil du ha regelmessig møter med barnehage- og skoleadministrasjon.
  • Rettsleie barnehagar og skolar i utviklingsarbeid og i individsaker.
  • Gjennomføre sakkunnige utgreiingar der balansen mellom krava til barna/elevens utvikling, pedagogisk tilrettelegging og juridiske rettigheiter blir varetekne.
  • Gjennomføre og tolke relevante testar i samsvar med faglege bestemmingar for testane.
  • Gjennomføre observasjonar i samsvar med gjeldande faglege anbefalingar.

Krav til kompetanse

  • Høgare utdanning på masternivå med relevante fag i fagkretsen pedagogikk, spesialpedagogikk og psykologi
  • Erfaring med utviklingsarbeid og pedagogisk arbeid
  • Erfaring frå arbeid i PP-tenesta, barnehage/skole eller andre relevante institusjonar
  • Personleg eigenskap vil bli vurdert spesielt og utgjere ein viktig faktor ved tilsetting

Ønskt kompetanse

Kartlegging- og utgreiingskompetanse innanfor området språk og språkutvikling

Om oss

Tenesta kan tilby eit godt arbeidsmiljø og moglegheit for sterk innflytelse på eit område som er i fokus og i utvikling.

Som tilsett må du nytte eigen bil i tenesta, med godtgjering. Tilsetting skjer på kommunale vilkår, med konkurransedyktig lønn og tenestepensjon i KLP.

Aktuelle søkarar vil bli innkalla til intervju.

Søknadsfrist: 01. september 2023

Send søknad til: ppt@pptogot.no

Kontaktperson for stillingen

Om arbeidsgiveren

  • Arbeidsgiver: Pedagogisk-psykologisk Tjeneste og Oppfølgingstj nedre Hallingdal IKS
  • Adresse: Sentrumsvegen 93, 3550 Gol
  • Hjemmeside: https://www.pptogot.no

PPT og OT nedre Hallingdal IKS – Postboks 93 (Sentrumsvegen 93), 3550 Gol

PPT og OT nedre Hallingdal IKS er en interkommunal PP-tjeneste for kommunene Hemsedal, Gol, Nesbyen og Flå. Vi er også Viken fylkeskommunes PP-tjeneste og Oppfølgingstjeneste for Hallingdalregionen. Vi har lokaler i Gol sentrum. Det er per i dag 10,3 fagstillinger inkl. lederressurs og kontorstøtte i selskapet.

Vår verdiplattform er at tjenestene skal være tilgjengelige, helhetstenkende, profesjonelle og faglig kompetente.

Del stillingen

Selskap

Pedagogisk-psykologisk Tjeneste og Oppfølgingstj. nedre Hallingdal

Lenke til firma

https://www.pptogot.no/

Kategorier

Kontaktinfo

  • Gry E. Bjerknes
  • Tittel: Daglig leder
  • E-Post: Gry.Elisabeth.Bjerknes@pptogot.no
  • Mobil/Tlf: 97164226

Lokasjon

  • Gol

Søknadsfrist

August 19, 2024