Prosjektleiar investeringsportefølje (søknadsfrist 08.03)
Prosjektleiar investeringsportefølje
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for prosjektleiing i kommunen sine investeringsprosjekt
- Vere kommunen sin representant i byggeprosjekt og ivareta byggherrerolla
- Økonomioppfølging og rapportering, dokumentasjon og ansvar for nødvendige søknadsprosessar i investeringsprosjekta
- Førebu saker til politisk handsaming
- Arbeidet omfattar planlegging og gjennomføring av prosessane i tråd med reglane for offentleg anskaffing, enterpriserett, kontraktsstandardar, byggherreansvar og økonomisk kontroll
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med sivilingeniør/ingeniør, men det er ikkje eit krav
- Anna relevant kompetanse knytt til leiing av arbeid med bygg/konstruksjon og anlegg kan vere relevant
- Erfaring frå prosjektleiing innan bygg- og anleggsbrasjen er ønskjeleg
- Må ha førarkort
Utdanningsretning og -nivå
- Bygg og anlegg
- Prosjektleiing
Personlege eigenskapar
- Målretta, strukturert, løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner, må og kunne jobbe sjølvstendig og grundig
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Sørvisinnstilt, positiv og initiativrik
Språk
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Nynorsk er kommunen sitt målspråk
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Eit spanande fagmiljø med utfordrande og varierte oppgåver
- Interessante og krevjande oppgåver i prosjekt av ulikt omfang
- Pensjonsordning i KLP
- Kollegialt fellesskap på tvers av etatane
Reiseaktivitet
Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben.
Søknadsfrist: 08.03.2020
Fylke: Sogn og Fjordane
Jobbtype: Fast Heiltid/Deltid: Heiltid Arbeidstid: Dag
Arbeidsstad: Askvoll kommune – rådhuset
Kontaktpersonar:
Håkon Loftheim, Rådmann
tlf: +47 57730703 mob: 91389474