Undervisningsstilling Elektrofag – fast

 

 

Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag, Sal, service og reiseliv, samt Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Skulen tilbyr også opplæring for vaksne og me har kursverksemd i forskjellige fag.

Stord vidaregåande skule skal i løpet av nokre år ta i bruk nye og moderne skulebygningar. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.

Skulen har ledige undervisningsstillingar innan elektrofag.
Det er inntil 2 faste 100 % stillingar, snarleg oppstart etter avtale. Det er ynskjeleg at ein kan undervisa i både automasjon- og elektrofag. Me søkjer deg som har interesse for elektrofaget, og kan vera ein tydeleg vaksen og god rollemodell for ungdom.

 

  • Søknadsfrist: 18.02.2024
  • Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
  • Stad: Stord
  • Stillingstittel: Undervisningsstilling Elektrofag – fast
  • Stillingar: 2
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4758897887

 

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i programfaga til elektrofag, der planlegging, gjennomføring og evaluering av elevane si læring inngår.
  • Kontakt og samarbeid med næringsliv i regionen.
  • Det kan vera aktuelt med kontaktlærarfunksjon i stillingane.

 

Kvalifikasjonar

  • Elektro-bakgrunn, gjerne med erfaring frå opplæring i bedrift.
  • Fagbrev/sveinebrev innan elektro eller automasjon, samt 4 års yrkespraksis etter fullført utdanning.
  • Alle undervisningsstillingar krev relevant fagleg og praktisk utdanning, jf Forskrift til Opplæringslova §14-4. Søkjarar som ikkje oppfyller krava, kan tilsetjast på vilkår. Fylkeskommunen legg til rette for å ta yrkesteori og pedagogikk i stillinga.

Den som vert tilsett i Vestland fylkeskommune, må leggja fram godkjent politiattest.

Alle nytilsette i Vestland fylkeskommune får ei prøvetid på 6 månader.

Det er ynskjeleg at du har:

  • Digital kunnskap og interesse for programmering, robotisering og automatisering.

 

Personlege eigenskapar

  • Har gode evner til å kommunisere, rettleia og motivere.
  • Er nyfiken på ny teknologi.
  • Kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre.
  • Likar å vera saman med ungdom.
  • Er systematisk og nøyaktig og ein tydeleg klasseleiar
  • Har eit ynske om å bidra til god fagopplæring

 

Vi tilbyr

  • Spennande utviklingsmoglegheiter og gode ordningar for stipend og vidareutdanning.
  • Eit engasjert fag- og arbeidsmiljø. Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spennande arbeid i samspel med elevar, skulen og bedrifter i bransjen.

Me gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Vikastemmo 35, 5411 Stord, Norge

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Per Inge Stensletten
avdelingsleiar
 Telefon:99453450

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Per Inge Stensletten
  • Tittel: avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 99453450

Lokasjon

  • Stord

Søknadsfrist

Februar 18, 2024