2 stillingar à 100% som pedagogisk leiar / barnehagelærar ved Hestavoll barnehage
Hestavoll barnehage har ledig to faste stillingar som pedagogisk leiar/ barnehagelærar i 100 % frå 05.08.2024.
Hos oss får du høve til å vere ein trygg og spanande voksen for barn tidlig i livet. Barn som gjennom erfaringar, inntrykk, gode relasjoner og leik vil påverke framtida vår.
Barnehagen har eit godt arbeidsmiljø og samarbeid mellom kollegaer. Vi legg vekt på å byggja gode relasjonar og fremje eit inkluderande læringsmiljø.
Barnehagen har 3 avdelinger fordelt på 60 plasser. Hestavoll barnehage held til i Odda sentrum, like ved Odda barneskole. Barnehagen har eit internasjonalt miljø, noko vi opplever som ein stor rikdom i kvardagen. Vi har gjennom ei årrekke lagt vekt på musikk, drama, kultur og kreativitet i det pedagogiske arbeidet, og samarbeider med kulturarenaer og verksemder i nærmiljøet. Hestavoll har inkluderande og godt arbeidsmiljø som rommar variasjon i alder og erfaring, med brei språkleg kompetanse og kulturforståing. Vi legg vekt på å nytta ressursane, interessene og styrkane vi representerer inn i samspela og aktivitetane vi utfører saman med barna.
Vi er stolte av å ha utarbeida ein språkplan der målet er å sikra eit systematisk og målretta språkmiljø i barnehagen for alle.
Barnehagen har tilgang til fleire fine naturområder som barn og voksne er glade for å nytta gjennom året.
Ullensvang kommune si nettside: Ledig jobb for to:
Lyst å flytte til Odda: Arne Hjeltnes presenterer noko av det Odda og Ullensvang har å by på
Håper du blir motivert til å søke stilling som barnehagelærer/ pedagogisk leiar i Hestavoll barnehage.
Arbeidsoppgaver:
- Ansvar for å skape ein god og trygg kvardag for barna.
- Leggja til rette for eit godt foreldresamarbeid.
- Leia, planleggja, gjennomføra og vurdera det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
- Medverka til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på å gjere kvarandre gode.
- Rettleia og støtta det øvrige personalet i det pedagogiske arbeidet.
- Aktiv deltaking i leik og aktivitetar saman med barna.
- Fokusere på «barnets beste» i arbeidet i barnehagen
- Å vera med på å utvikle det pedagogiske tilbudet i barnehagen og dele kunnskap om barns læring og utvikling.
- Systematisk og målretta arbeid i tråd med barnehagens styringsdokument
Kvalifikasjonar:
- Bestått og godkjent barnehagelærerutdanning.
- Gode norsk kunnskaper, både skriftlig og munnleg minimum B2.
- Engasjement for barns oppvekst som bidreg med positive haldning.
- Trygg, varm og omsorgsfull pedagog som er relasjonsorientert i møte med barna.
- Løysningsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig. For å lykkast i rolla må ein kunna kommunisera med mennesker med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar.
- Gyldig politiattest må framleggast før tiltreding.
Personlege eigenskaper:
Autoritativ; varm og tydeleg voksenstil.
Løysningsorientert, fleksibel med evne til å arbeide strukturert.
Godt humør og positiv innstilling.
Er samarbeidsvillig og jobber like godt sjølvstendig som i team.
Fokus på kvalitet i tenesta og er villig til å yte “det lille ekstra” for å sikra god kvalitet.
Instrumental kompetanse er ynskjeleg.
Har god helse og trives i ein hektisk kvardag.
Vi tilbyr:
- Eit interessant og godt arbeidsmiljø som legg vekt på inkludering, samarbeid og å gjere kvarandre gode.
- Løn etter tariff og gode pensjonsordninger.
- Auka tillegg for pedagogisk leiar.
- Rekrutteringsavtale til barnehagelærere.
- Høve for kompetanseheving med støtte frå kommunen.
- IA avtale (inkluderande arbeidsliv).
- Fylke: Vestland
- Jobbtype: Fast
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Arbeidstid: Dag
- Søknadsfrist: 15.05.2024
- Arbeidsstad: Odda
Kontaktpersonar:
Kari Aalvik
mob: +47 975 58 693
Heimeside:
Adresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda
Ullensvang kommune Hestavoll barnehage
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49