Fagkoordinator / Tverrfaglig spesialist (søknadsfrist 26.01)
Fagkoordinator/Tverrfagleg spesialist
Barnevernstenester
Vil du vere med på utvikle den nye barneverntenesta i Ålesund ? Nyoppretta todelt stilling ledig for Tverrfagleg spesialist, med oppgåver som Fagkoordinator for barnevernvakta på Sunnmøre og Barnevernkonsulent for rus og kriminalitetsførebyggande oppfølging av unge i verksemda.
Det er ledig 100 % stilling i verksemd for barneverntenester, avdeling Ålesund sentrum.
Stillinga er delt mellom 40 % Fagkoordinator for den interkommunale barnevernvakta på Sunnmøre og 60 % Barnevernkonsulent for oppfølging av unge i tenesta som har utfordringar særleg knytt til rus og kriminalitet. Stillinga er under utforming. Innhald og organisatorisk plassering kan bli endra.
Arbeidsoppgåver
Fagkoordinator i barnevernvakta har medansvar for utvikling av den nye barnevernvakta. Barnevernvakta skal opplevast nyttig for den som har behov for tilbodet, og oppfølginga som vert gitt skal vere barnevernfagleg forsvarleg. Fagkoordinator har rettleiingsoppgåver overfor dei tilsette i barnevernvakta, medansvar for utvikling av rutinar og prosedyrar, og ansvar for utarbeiding av turnusplan. Barnevernvakta har seks tilsette i tillegg til fagkoordinator.
Barnevernkonsulent med ansvar for rus og kriminalitetsforebygjande oppfølging, vil i hovudsak arbeide med unge som har utfordringar med rus og kriminalitet. Arbeidet er både individretta og systemretta. Barnevernkonsulenten har saksbehandlingsansvar etter Lov om barneverntenester, og arbeider i samsvar med reglane for offentleg forvaltning. Barnevernkonsulenten er kontaktperson for unge som har behov for våre tenester, og den unge sine foreldre. Barnevernkonsulenten vil også delta i det fleirfaglege arbeidet med å styrkje kommunen sitt rus og kriminalitetsførebyggjande arbeid.
Kvalifikasjonar
Bachelorgrad som barnevernpedagog eller sosionom, med minimum eit års relevant vidareutdanning.
Kunnskap om Turnusarbeid og utarbeiding av turnusplan.
Rettleiingskompetanse – evidensbasert og ressursfokusert.
Kunnskap om offentleg forvaltning.
Norsk skriftelg og munnleg framstillingsevne.
Nynorsk skriftspråk.
Arbeid utover normal arbeidstid kan bli påkravd.
Førarkort klasse B.
Barneverntenesta har tenestebilar, men tilsette må kunne disponere eigen bil.
Gyldig politiattest vert kravd ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Initiativrik, positiv og handlekraftig
Tydeleg og trygg i møte med den som har det vanskeleg
Sjølvstendig og trygg på eigen kompetanse.
Trives med å løyse utfordringar heilskapleg og fleirfagleg, der det trengs.
Ha god sjølvinnsikt.
Det vert lagt vekt på at den som vert tilsett skal vere særleg egna, og at personen skal komplimentere teamet.
Vi tilbyr
Løn som tverrfagleg spesialist 4-årig høgskule.
Fast stilling i ein kommune som har flus på berekraft og innovasjon
Gode kollegaer i ei verksemd i stadig utvikling
Løn etter kvalifikasjonar og avtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Søknadsfrist:26.01.2020
Arbeidsgivar: Nye Ålesund kommune
Stad: Ålesund
Tittel: Fagkoordinator/Tverrfagleg spesialist
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsettingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4176831214
Stillinger: 1
Startdato: 01.02.2020
Arbeidsstad Keiser Wilhelmsgate 11, 6002 Ålesund
Kontaktinformasjon
Lene Solheim, Verksemdsleiar
919 11 966
Venke Brandshaug. Avdelingsleiar
70 16 43 45
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er nye Ålesund kommune eit spennande alternativ.