Røyrfjellsnipa

Miljøterapeut, 100% fast 

Om stillinga

Kom til Gulen kommune! Du er hjartleg velkomen.

Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som miljøterapeut (vernepleiar eller annan relevant høgskuleutdanning) frå snarast/etter avtale. For tida vil dette vere ei stilling med langvaktturnus med komprimert arbeidstid og periodar med langfri. Det er mogleg med overnatting på arbeidsstaden. For meir informasjon om denne stillinga og turnusordninga, ta kontakt med kontaktperson i annonsen.

  • Kommunen tilbyr, for tida, løn over tariff for arbeid i turnus for kvalifisert utdanning 
  • Kommunen har også, for tida, ekstra tillegg med 50kr/t på helg

Miljøtenesta har base på Dalsøyra, men yter bistand til brukarar i heile kommunen.

Arbeidsoppgåver 

  • Arbeid knytt til Helse- og omsorgstenestelova kap. 9
  • Legge til rette for og bistå personar med ulike funksjonsnivå i daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
  • Følgje opp dei daglege rutinene
  • Andre oppgåver etter behov

Kvalifikasjonskrav 

  • Godkjent autorisasjon som vernepleiar eller anna tilsvarande høgskuleutdanning. Andre kan verte vurdert for mellombels stilling
  • Kan delta på ulike aktivitetar, som til dømes; turar, bading i basseng, gardsbesøk og andre aktivitetstilbod
  • Førarkort klasse B (manuell gir)
  • Kommuniserer godt på norsk

Personlege eigenskapar 

  • Er engasjert og har fokus på målretta miljøarbeid og vert motivert av å yte gode tenester til personar med særskilde behov
  • Kan bidra til sjølvbestemmelse, inkludering og deltaking
  • Er stabil, fleksibel og reflektert over eigen arbeidspraksis
  • Har gode samarbeidsevner, er positiv til endring og utvikling og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
  • Kommunen tilbyr løn over tariff for arbeid i turnus. Dette er eit mellombels tiltak, og skal evaluerast ved seinare høve. Kommunen har også innført ekstra tillegg med 50kr/t på helg – ei ordning som skal evaluerast ved rullering av lønspolitisk plan.
Om oss
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Spørsmål om stillinga

Carolyn Westervik
Einingsleiar Miljøtenesta
94190490
carolyn.westervik@gulen.kommune.no

 

 

Søk stillinga

 

 

Søknadsfrist: 9. februar 2025
Arbeidsgivar: Gulen kommune
Kommune: Gulen
Omfang: Heiltid
Varigheit: Fast
Arbeidsstad: Gulafjordvegen 1521, 5960 Dalsøyra

Del stillingen

Selskap

Gulen kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Carolyn Westervik
  • Tittel: Einingsleiar miljøtenesta
  • E-Post: carolyn.westervik@gulen.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 94190490

Lokasjon

  • Dalsøyra

Søknadsfrist

Februar 7, 2025