Interkommunal kommunepsykolog, 100% fast (søknadsfrist 16.02)

 

Bilderesultater for etne kommune"

 

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.

 

Interkommunal kommunepsykolog, 100% fast

 

Etne og Vindafjord kommunar søkjer kommunepsykolog i 100% stilling.
Stillingen som kommunepsykolog er ein nyoppretta interkommunal stilling i kommunane Etne og Vindafjord. der Etne er vertskommune. Kommunane har til saman 12900 innbyggarar. Kommunepsykologen vil vera organisert inn under eining helse som m.a består av psykisk helse- og rustenesta, legesenter/ interkommunal legevakt, helsestasjon, fysio- og ergoterapiteneste.

Arbeidsoppgåver

o Det er lagt vekt på at psykologen skal rettleie faggrupper innanfor helse/omsorg i kommunane
o Førelese/rettleie på fagdagar internt og eksternt i kommunen rundt ulike tema knytta til psykisk helse for barn og vaksne
o Bidra til styrking av tverr- og fleirfagleg samarbeid i kommunen
o Vera med på å styrke samarbeid med BUP, DPS og fastlegane i kommunen
o Bidra til kommunen sitt psykososiale kriseteam
o Samtalar med barn, ungdom og familiar
o Stillingen kan inkludere ein viss grad av utredning, diagnostisering og behandling avhengig av kapasitet og samarbeid med andre kommunale tenester og 2. linjetenester (BUP/DPS)
o Delta i plan- og systemarbeid

Kompetanse:

o Psykolog eller psykologspesialist med norsk autorisasjon
o Erfaring frå kommunalt arbeid og/eller spesialisthelsetenesta er eit ønske, men ikkje påkrevd
o Erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar er ein fordel
o Spesialisering i samfunnspsykologi eller familiepsykologi er ein fordel
o Gode norskkunnskap, både skrifteg og muntleg
o Grunnleggande IT-kompetanse
o Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

o God på relasjonar og kommunikasjon med menneske i sårbare situasjonar
o Evne til å arbeide sjøvstendig og i team
o Interesse for forebyggande og helsefremjande arbeid
o Ha forståing for at dokumentasjon og kvalitetssikring er ein del av arbeidet
o Fleksibel og løysingsorientert

Godkjent politiattest må føreligge ved tilsetting

Annan informasjon
Kva kan me tilby?

o Nyoppretta og spennande stilling med moglegheit til å påverke og utvikle tenesten
o Tilsetting på kommunale vilkår og god pensjonsordning gjennom KLP
o Triveleg arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø
o Tilgang til et psykolog-nettverk i Haugalandsregionen
o Store moglegheiter til å påverke folkehelsa kommunen våre

Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.

Søknad skal sendast

Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema – dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja “søk stilling” til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.

Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje

 

Søknadsfrist  16.02.20

 

Vår ref810/2020-SONFRA
Merk søknad

Fakta

Selskap ETNE KOMMUNE
Stilling Psykolog
Stillingstype Ansatt fast
Lokasjon Helse og sosial

 

Kontakter

Hilde Høyland, Helseleiar
hilde.hoyland@etne.kommune.no
Mobil  472 86 539

Del stillingen

Selskap

Etne kommune

Kontaktinfo

  • Hilde Høyland
  • Tittel: Helseleiar
  • E-Post: hilde.hoyland@etne.kommune.no
  • Mobil/Tlf: Mobil 472 86 539

Lokasjon

  • Etne

Søknadsfrist

Februar 16, 2020