Osterøy kommune – Helsesekretær til 40% fast stilling (søknadsfrist (21.04.2025)

Valestrand skule bygg

Lærar med kompetanse i teiknspråk

Om stillinga

Osterøy kommune har fokus på profesjonelle læringsfellesskap der arbeid med elevmedverknad, lesing og trygt læringsmiljø står sentralt. Visjonen for Osterøyskulen er «lærelyst og meistring for framtida». 

I Osterøyskulen er det ledig 100% stilling for lærar med kompetanse i teiknspråk. Stillinga ligg idag til Valestrand skule. 

Valestrand skule er ein av fire kommunale barneskular på Osterøy og skulen er i vekst! Valestrand skule har om lag 250 elevar og arbeider for å sikre elevane ei framtidsretta opplæring i trygge og gode læringsmiljø. Elevane på Valestrand skule skal møte dyktige og engasjerte lærarar som lyttar til dei og motiverer dei for læring i ulike kompetansar og fag på alle trinn. 

Det er ønskjeleg med oppstart i stillinga frå 01.08.2025.

Arbeidsoppgåver 

I samarbeid med elev, kontaktlærar og dei andre på trinn-teamet vil ein planleggje og gjennomføre undervisning med elev som har vedtak om opplæring i og på teiknspråk i tråd med opplæringslova § 3-4. 

Som undervisningspersonell vil du ha ein aktiv rolle i å:

  • Planleggje, gjennomføre og vurdere variert og framtidsretta opplæring av høg kvalitet og med god progresjon 
  • Analysere og følgje opp elevane si læring
  • Sørgje for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for alle elevane både fagleg og sosialt 
  • Delta i og bidra til lærande fellesskap og lærarteam på skulen og i osterøyskulen 
  • Aktiv deltaking i fagfornyinga
  • Planleggje og gjennomføre undervisning tilpassa den einskilde elev sitt behov 
  • Aktiv deltaking i det profesjonelle læringsfellesskapet og utviklingsarbeid
  • Samarbeide med relevante instansar i kommunen

Vi tilbyr 

Bli ein del av laget i Osterøyskulen som vi er så stolte av!

Dersom du blir ein del av Osterøyskulen og arbeidsmiljøet på Valestrand skule, vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike, engasjerte og dedikerte medarbeidarar. 

Vi er ein levande kunnskapsbedrift som jobbar for å skape og leggje til rette for gode og inspirerande læringsarenaer for elevane våre.

Når du blir ein del av skulen vår får du moglegheita til å arbeide saman med dyktige fagpersonar som ønskjer det beste for barn og unge. 

Lønsvilkår etter gjeldande avtaleverk og gode pensjons- og forsikringsvilkår følgjer med stilling i skulen vår.

 

Kvalifikasjonskrav 

  • Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-4. trinn 
  • 30 studiepoeng i teiknspråk
  • Det er positivt om du har erfaring frå undervisning og klasseleiing 
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg 
  • Krav om godkjent politiattest før tiltreding i stillinga, i tråd med opplæringslova § 10-9.

Kven er du?

Vi ønskjer oss ein ny lagspelar som kan bidra med kompetanse, men samtidig bidra til å spele kollegaene dine gode. Du bør trivast med å jobba tett på barn og unge, og du bør trivast med å arbeide både i team og sjølvstendig. 

For å lukkast i denne stillinga bør du ha relasjonskompetanse og kunne nytte denne i samarbeid med elevar, føresette og kollegaer. Du bør og kunne arbeide tverrfagleg med oppfølging av enkeltelev og kunne samarbeide med familie og eksterne einingar. 

Vi ser etter deg som tar utfordringar med eit smil og godt humør, og søkjer dei positive løysingane. Skulekvardagen krev at du er fleksibel og løysingsorientert. 

Vi ønskjer oss ein god samarbeidspartnar i vår nye kollega. Samtidig er det viktig at du også tar initiativ, ansvar og eigne avgjersler. Vi har ein god kollegagruppe på skulen vår og ønskjer eit nytt medlem i gruppa kjærkomment velkomen! 

Personlege eigenskaper er viktig og vil også bli tillagt vekt i rekrutteringsprosessen. 

Vi gler oss til å bli kjent med nettopp deg!

 

Lærarar er medlem av Statens pensjonskasse! 

I tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP, kan du ha rett på økonomisk stønad om du skulle bli sjuk eller uføre. Du får og gode betingelsar på boliglån, og dine næraste kan dessutan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.

Tryggleik for deg som lærar – får du redusert inntektsevna di på grunn av sjukdom eller skade, kan du ha rett til uførepensjon. 

Tryggleik for familien din – Din ektefelle, partnar eller barn kan ha rett til etterlattepensjon når du døyr. 

Gunstig boliglån – Boliglånsrenta til SPK ligg i gjennomsnitt under marknadsrenta! 

Livsvarig alderspensjon og AFP – Som medlem i SPK får du ei god alderspensjon når du pensjonera deg! 

Om oss

Visjonen til Osterøyskulen er lærelyst og meistring for framtida.

Hos oss på Valestrand er verdiane våre; engasjert, inkluderande og kreativ , og vi arbeidar for å gjere kvarandre gode i dag, og i framtida.

Skulen har eit aktivt elevråd som arbeidar for at alle elevane på skulen skal få ein best mogleg skulekvardag.

Valestrand har temadagar jamnt gjennom året og verdsett aldersblandande aktivitet. 

Valestrand skule er ein av dei største skulane på Osterøy og ligg vakkert til og nær naturen, med blant anna Brakvatnet i nærleiken og kultur tett på med Bullahuset. 

 

Spørsmål om stillinga

Britt Margun M. Rød
Rektor ved Valestrand skule
+4795884675
[email protected]

 

 

Søk stillinga

 

 

Søknadsfrist: 23. mars 2025
Arbeidsgivar: Osterøy kommune
Kommune: Osterøy
Omfang: Heiltid
Varigheit: Fast
Arbeidsstad: Valestrandsvegen 338, 5281 Valestrandsfossen

Del stillingen

Selskap

Osterøy kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Britt Margun M. Rød
  • Tittel: Rektor ved Valestrand skule
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: +4795884675

Lokasjon

  • Valestrandsfossen

Søknadsfrist

April 21, 2025