Avdelingsleiar ved heimebaserte tjenester (søknadsfrist 23.02)

 

Produktbilde

 

Avdelingsleiar ved Heimebaserte tenester

 

Ullensvang kommune er ein kommune i vakre Hardanger. Mellom fjord, fjell og fonn har du høve til aktivt å bruka naturen. Vi har og eit rikt nærings- og  kulturliv kommunen. Vil du oppleve dette saman med oss og er på jakt etter nye utfordringar?  Er du i tillegg kreativ og positivt innstilt, då er det deg vi trenger med på laget!

Saman skaper vi ein god arbeidsplass for alle og tilbyr gode tenester!

 

Avdelingsleiar 100% stilling i Heimebaserte tenester i Odda

Heimesjukepleien er organisert under Heimebaserte tenester saman med Heimehjelp, Kommunalt hjelpemiddellager og Dagsenter for personar med kognitiv svikt.

I heimesjukepleien har vi brukarar i ulike aldersgrupper.

Vi er opptekne av å tilby tenestar av god kvalitet til brukarane og vi arbeider for eit godt og forsvarleg arbeidsmiljø.

 

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som offentleg godkjend sjukepleiar
  • Klinisk kompetanse innan eldreomsorg vert vektlagt.
  • Leiarerfaring eller vidareutdanning innan leiing er eit ønskje 
  • God datakunnskap
  • Du  må ha gode norsk kunnskap, minimum B2 nivå
  • Godkjend politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

Arbeidsoppgåver:

  • Avdelingsleiar arbeider systematisk med å sikra, drifta og utvikle tenesten i tråd med kommunen sine mål etter gjeldane lov og forskrifter.
  • Personalansvar for tilsette i heimesjukepleien og heimehjepen
  • Medarbeidarsamtalar
  • Vera ein synleg og tydeleg avdelingsleiar 
  • Turnusplanlegging
  • Fagleg ansvarleg. Delaktig i utarbeiding av undervisninsplan saman med fagleiarane
  • Ansvar for for å følge nytilsette
  • Kontaktperson til skulane i forhold til elevar, lærlingar og studentar

 

Personlege eigenskapar:

  • Vi søkjer etter ein person som er tydleg, strukturert og løysningsorientert
  • Du må vera engasjert i faget og kunne motivera, vegleie og videreutvikle medarbeidarane
  • Du må ha evnen til å deligera, fordela ressursar og oppgåver i samsvar med kommunen sine mål for å levera dei beste tenestene
  • Det vert lagt vekt på at du er skikka til stillinga
  • Du må ha evne til å sjå og lytta til våre tilsette og arbeide aktivt for å skapa eit godt arbeidsmiljø

Lønsvilkår:

  • Etter avtale

 

For meir opplysningar kan kontakta verksemdsleiar Anna Jordan tlf. 97558461 eller sende mail til anna.jordan@ullensvang.kommune.no

 

Søknad med CV, bekrefta vitnemål og attestar må sendast til Ullensvang kommune, postmottak@ullensvang.kommune.no

Merk søknaden med saksnr. 20/1608

 

Søknadsfrist: 23.02.20

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Lenke til firma

Kontaktinfo

  • Anna Jordan
  • Tittel: Verksemdsleiar
  • E-Post: anna.jordan@ullensvang.kommune.no
  • Mobil/Tlf: tlf. 97558461

Lokasjon

  • Odda

Søknadsfrist

Februar 23, 2020