Juristar, Organisasjons- og økonomiavdelinga (søknadsfrist 15.03)
Juristar
Organisasjons- og økonomiavdelinga, juridiske tenester – Vestland fylkeskommune
Juristane inngår i seksjon for juridiske tenester i avdeling for organisasjon og økonomi. Seksjonen har eit særskilt ansvar for eigarskapsoppfølging og yter elles juridisk støtte til alle einingane i fylkeskommunen.
Juristen i den eine stillinga vil m.a. fylle rolla som fylkeskommunen sitt personvernombod. Kjerneoppgåvene til ombodet er å informere og gje råd om personvernlovgjevinga internt i verksemda, samt kontrollere at fylkeskommunen held seg innanfor personvernforordninga. Funksjonen som personvernombod utgjer venteleg under 50 prosent av stillinga. Vi ber om at de spesifiserer i søknaden om det er aktuelt å bli vurdert for denne funksjonen.
Arbeidsoppgåver
Juridisk rådgjeving til den administrative leiinga og ulike einingar i fylkeskommunen innan m.a. desse fagfelta:
Selskapsrett
Forvaltningsrett
Arbeidsrett
Førebu saker til handsaming i folkevalde organ
Personvern (gjeld den eine stillinga).
Kvalifikasjonar
Master i rettsvitskap / juridisk embetseksamen
Det er ønskjeleg med erfaring frå offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
Initiativrik
Kvalitetsbevisst
Strukturert og sjølvstendig
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
Stillinga vert løna etter avtale og i samsvar med vanlege fylkeskommunale
vilkår.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort
sjølv om du har oppmoda om ikkje å stå på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå
offentleg søkjarliste vil du alltid verte varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadsfrist: 15.03.2020
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Leikanger
Tittel: Jurist
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsettingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4198999349
Stillingar: 2
Arbeidsstad, 6863 Leikanger
Kontaktinformasjon
Svein Hågård, Seksjonssjef
918 38 617
57 63 81 51