Prosjektkoordinator strandrydding (søknadsfrist 29.03)
Jobbe med å bekjempe marin forsøpling i Sogn og Fjordane ?
Prosjektkoordinator Marin forsøpling
Fjordane Friluftsråd har søkt prosjektmidlar til Prosjektkoordinator innan marin forsøpling. Tiltreding i stillinga snarast råd og med varigheit minimum 31.12.2020 med høve for forlenging . Vi tek atterhald om finansiering.
Arbeidsoppgåver
Fjordane Friluftsråd er eit interkommunalt selskap for 4 kommunar på kysten av Sogn og Fjordane (Vestland) og vi samarbeider tett med ei mengde organisasjoner, i drift og prosjekt. Fjordane Friluftsråd har seinare år vore sterkt engasjert i arbeidet med marin forsøpling i strandsona.
Miljødirektoratet bidreg med prosjektmidlar til med anna administrasjon-koordinering av prosjekta. Samhandling med medlemskommunane, Vestland Fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland, Kystlotteriet, Hold Norge Rent, Naturvernforbundet og mange andre organisasjoner vil vere ein del av prosjektet, men også noko forebyggjande arbeid i samarbeid med skular. Budsjettansvar med føring av prosjektrekneskap og rapportering.
Andre oppgåver i friluftsrådet i samråd med dagleg leiar.
Kvalifikasjonar
God prosjektkompetanse i bruk av ulike digitale verktøy, databaser og kartprogram.
Høg kompetanse innan miljø og renovasjon, eller anna aktuell utdanning/praksis.
Lokal- og stadkunnskap på kysten av Sogn og Fjordane vil vere å føretrekke.
Sertifikat på bil og minimum båtførarprøve og sikkerheitskurs for båtfolk. Den som vert tilsett må pårekne ein del reiseverksemd. Vi ynskjer og ein person med god helse då arbeidet er veldig variert og til tider fysisk krevjande.
Personlege eigenskaper
Du må vere ryddig, positiv og påliteleg med gode kommunikasjonsevner, og kunne legge fram gyldig politiattest for arbeid på friluftsskular og skule.
Du har evne til å byggje nettverk i offentleg, kommersiell og frivillig sektor, sjølvstendig og løysingsorientert. Helsa bør vere god.
Vi tilbyr
Ei spanande prosjektstilling med varierte oppgåver og eit sunt arbeidsmiljø.
Konkurransedyktige betingelsar.
Kontaktinformasjon
Fjordane Friluftsråd, Kommunehuset 6924 Hardbakke
Bjarte Engevik/dagleg Leiar, tlf. 99487500
Arlene Vågene, styreleiar, tlf. 40239260
Arbeidsstad/kontor Fjordane Friluftsråd
Solund Leilighetsshotell 6924 Hardbakke
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjordane Friluftsråd
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 29.03.2020
Om stillinga
Stillingstittel: Prosjektkoordinator
Oppstart; Snarast råd
Heltid/deltid: Heiltid
Tal stillingar: 1
Om arbeidsgiveren
Interkommunalt Friluftsråd med Solund, Askvoll, Bremanger og Kinn som medlemskommunar.
Org.nr. 918 552 537
Arbeidsgivar; Fjordane Friluftsråd
Adresse: Kommunehuset, 6924 Hardbakke