Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i barnevernsfagleg arbeid (søknadsfrist 05.05)
Heil fast stilling ved Institutt for sosialfag
Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i barnevernsfagleg arbeid
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie, er det ledig ei heil, fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i sosialt arbeid frå 01.01.2021. Stillinga er ved Institutt for sosialfag, og først og fremst ved bachelorstudia i sosialt arbeid: barnevernspedagog og sosionom.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter personar med utdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar med relevant mastergrad / hovudfag / doktorgrad.
- Søkjarar bør ha relevant praksis frå kommunalt barnevern, eller alternativt frå andre sentrale yrkesarenaer for sosialt arbeid med barn, unge og deira familiar.
- For tilsetjing i stilling som høgskulelektor eller førstelektor, må den som vert tilsett, i tillegg til krava til vitskapleg kompetanse, ha dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising og rettleiing.
For stillingar som førsteamanuensis viser vi til:
Høgskulen i Volda sine krav til pedagogisk basiskompetanse: https://www.hivolda.no/sites/default/files/documents/Retningslinjer%20pedagogisk%20basiskompetanse%20januar%202020.pdf
Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129.
Søkjarar til stilling som førsteamanuensis vil ikkje bli rangert på bakgrunn av pedagogisk basiskompetanse, men vurdert. Søkjarar til stilling som førsteamanuensis, som ikkje innfrir krava til pedagogisk basiskompetanse, kan bli tilsett som førsteamanuensis med vilkår om innan to år å opparbeide kompetansen. Det vil bli gitt tilbod om opplæring/kurs/emne for å oppnå pedagogisk basiskompetanse.
Institutt for sosialfag er kontinuerleg i prosess med å utvikle studietilboda, og det er eit tett samarbeid mellom dei tilsette. Den som søkjer må ha gode samarbeidsevner, vere utviklingsorientert og ha god formidlingsevne skriftleg og munnleg. Søkjarar kan bli kalla inn til intervju og prøveundervisning.
Undervisningsspråket er norsk, og søkjaren må kunne norsk skriftleg og munnleg. Kontorstaden er ved Høgskulen i Volda.
Søkjar må dokumentere eigen kompetanse: utdanning, relevant arbeidserfaring innan barnevern / psykisk helsearbeid / sosialt arbeid, undervisningserfaring og gjerne forsking/utviklingsarbeid.
Arbeidsfelt
Arbeidsoppgåvene er undervisning, rettleiing, vurdering, forsking og utvikling, og fagadministrativt arbeid. Det er forventa at den som blir tilsett bidreg til utvikling av fagfeltet sitt, og av høgskulen som heilskap. Arbeidsoppgåvene er hovudsakleg innanfor barnevernspedagog- og sosionomutdanningane. Desse utdanningane er i stor grad samorganiserte med opplegg som går på tvers. Utdanningane ved instituttet er inne i ein omstillingsprosess som kan ha konsekvensar for arbeidsoppgåvene i stillinga.
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit spennande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling, og gode pensjonsordningar. Det er gode vilkår for forsking ved Høgskulen i Volda, og informasjon om støtteordningar finn du her: https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling-0/stotteordningar. Høgskulen i Volda har mange forskingsgrupper: https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling-0/forskingsgrupper»
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: høgskulelektor 1008 frå kr 488 000 – 679 000 og førsteamanuensis 1011/førstelektor 1198 frå kr 583 900 – 789 200.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar, som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV, merksame på at denne opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål i regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under ‘søknad’ hake av for ‘Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jf. Offentlighetsloven’, og grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Søknaden og all dokumentasjonen skal sendast elektronisk gjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge, der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkaren sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
Vitnemål og attestar, samla i ei fil
CV med kontaktinformasjon for referansar
Inntil 10 – 15 vitskaplege arbeid, inkludert hovudfags-/mastergradsoppgåve og doktorgradsavhandling
Søknadsfrist: 5. mai 2020.
Dei faglege og pedagogiske kvalifikasjonane til søkjarane blir vurdert av sakkunnig utval etter krava i Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, www.lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129 og høgskulen sine interne retningslinjer for pedagogisk basiskompetanse. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå søkarar som klart ikkje er kvalifiserte, blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Knut Hunnes, tlf. 70 07 51 79, e-post: knut.hunnes@hivolda.no eller til dekan Randi Bergem, tlf. 70 07 52 11 randi.bergem@hivolda.no
Om instituttet
Institutt for sosialfag er eit institutt ved Avdeling for samfunnsfag og historie. Basis for utdanningstilboda er to bachelorutdanningar i sosialt arbeid: barnevernspedagog og sosionom, med meir enn 300 studentar fordelt på tre studieår. Instituttet tilbyr også mastergradsutdanning, med vel 100 studentar fordelte på ulike emne. Tre av dei valfrie emna i mastergraden er også vidareutdanningar: ‘Rus som kulturelt og sosialt fenomen’, ‘Leiing i helse- og sosialtenestene’ og ‘Politikk, folkehelse og livsløp’. Eitt av dei obligatoriske emna i mastergraden, ‘Meistring og myndiggjering, samhandlingsperspektivet, vert tilbydd også som vidareutdanning. Instituttet har også vidareutdanningstilbod på bachelornivå, i ‘Miljøterapi i demensomsorga’ og ‘Sakshandsaming og tenesteyting i helse- og omsorgstjenesten’. Alle masterutdanningane og vidareutdanningstilboda er samlingsbaserte. Institutt for sosialfag har omlag 600 studentar i ulike studieløp.
I samarbeid med Høgskolen i Molde driv Høgskulen i Volda ph.d.-programmet ‘Profesjonsutøving – vilkår og utvikling’. Ved HVO er ph.d.-programmet lagt til Institutt for sosialfag. ‘Master i helseleiing’ er ein fellesgrad i samarbeid mellom NTNU, Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda.
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi tilbyr utdanningar på ei rekke fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv aktivt forskings- og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette.
Det beste med Volda
Om Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Søknadsfrist 5. mai 2020
Arbeidsgivar Høgskulen i Volda
Kommune Volda
Omfang Heiltid Varigheit Fast Arbeidsstad Volda