Fusa vgs – Undervisningsstilling restaurant- og matfag (søknadsfrist 08.06.2026)

Fast 100% stilling på Naturbruk- og akvakultur ved Fusa vgs.
Fusa Vidaregåande skule tilbyr: Studiespesialisering og 4 yrkesfaglege utdanningsprogram; helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, naturbruk og restaurant- og matfag. I tillegg har vi tilbod innan TAF/YSK og HTH/HTA. Skulen har om lag 300 elevar og 50 tilsette som kvar dag arbeider mot visjonen om å vere modige- opne og kompetente. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for ei relevant opplæring.
Sjå skulen si heimeside https://www.fusa.vgs.no.
Fusa vidaregåande skule legg stor vekt på trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Ut i frå ulike føresetnader vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar, og får tileigna seg relevant fagkunnskap.
Vi ser etter deg som har utdanning og erfaring innan faget og som kan tenkje deg å bidra med din kunnskap inn til skulen vår. Vi ser etter deg som ynskjer å være med på å forme framtidas oppdrettar, i ei næring i stor utvikling. Skulen har undervisningskonsesjon i tett samarbeid med lokale bedrifter. Dette gjev skulen nye muligheter til å utvikle oss i takt med næringslivets behov.
Frå skuleåret 26/27
Søknadsfrist: 27.05.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Fast 100% stilling naturbruk- og akvakultur ved Fusa vgs
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5123501463
- Stillinga vil i hovudsak innebære undervisning i programfag på på Vg1/Vg2/TAF
- Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning
- Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane.
- Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.
- Oppfølging av elevar i praksis/bedrift, fagelg og sosialt
- Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga
- Undervisninga skjer både i klasserom, i skulen sine praksislokaler og i tett samarbeid med havbruksnæringa
- Du bidreg til sterk kobling mellom teori, praksis og refleksjon
- Sikre et godt samarbeid mellom skule og heim
Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa.
Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga for å bli formelt godkjent, avtalt med leiar.
Det er ønskelig med:
- Undervisningserfaring
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Fagbrev/utdanning innan naturbruk og akvakultur
- Erfaring innan havbruksnæringa
- Aktuelle kurs innan næringa kan være eit føremon
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald.
- Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning og varierte vurderingsformer
- Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
- Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.
- Du er løysingsorientert og har evne til omstilling
- Du har gode evner til samarbeid, og kommuniserer godt både med elevar, tilsette og andre
- Du er ein trygg og tydeleg vaksen i samspel med ungdom, er oppteken av relasjonar og elevens mestring, motivasjon og læring
- Du har stort engasjement for faget ditt og ønsker å dele dette
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
- Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Inkluderande og respektfull arbeidskultur, der det er plass til høg fagleg ambisjon og kvardagsleg humor
- Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Skulen legg til rette for gjennomføring av pedagogisk utdanning, dersom du mangler dette
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som skal tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25u.2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Lene Tveit
Avd.leiar
Telefon:56580900/93853301
E-post:[email protected]
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
